Tiwiøyane (engelsk Tiwi Islands) er ei øygruppe i delstaten Nordterritoriet nord i Australia, 3 200 km nordvest for hovudstaden Canberra. Dei største øyane i øygruppa er Bathurst Island og Melville Island.[3]

Tiwiøyane
øygruppe
Land  Australia
Del av Tiwi Cobourg
Areal 8 320 km²
Folketal 2 453 (9. august 2016)[1]
Kart
Tiwiøyane
11°36′00″S 130°49′00″E / 11.6°S 130.8166667°E / -11.6; 130.8166667
Wikimedia Commons: Tiwi Islands

Øyane er folkesette av tiwifolk. Det bur under to innbyggjarar per kvadratkilometer på øyane.

I området rundt Tiwiøyane veks det hovudsakleg savanneskog, som er sparsam tropisk og subtropisk skog med grasvekst mellom låge tre.

I periodane november–desember og februar–mars dukkar det nesten dagleg opp ein toreskyformasjon over øyane, populært kalla Hector, som er blant dei høgaste i verda og ofte strekkjer seg opp til 20 kilometer i høgda.[4][5]

Kjelder

endre
  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 http://www.censusdata.abs.gov.au/census_services/getproduct/census/2016/quickstat/LGA74050.
  2. 2,0 2,1 2,2 «Tiwi Islands»; vitjingsdato: 28. juni 2022.
  3. «GeoNames.org». www.geonames.org. Henta 22. desember 2022. 
  4. Crook, N. Andrew (1. juni 2001). «Understanding Hector: The Dynamics of Island Thunderstorms». Monthly Weather Review (på engelsk) 129: 1550–1563. ISSN 1520-0493. doi:10.1175/1520-0493(2001)129<1550:UHTDOI>2.0.CO;2. Henta 22. desember 2022. 
  5. Editor, General (7. september 2006). «The cloud called Hector». Cloud Appreciation Society (på engelsk). Henta 22. desember 2022.