Memaliaj er ein by og ein kommune i regionen Gjirokastër i Albania. Kommunen ligg sør i landet og grensar i vest til regionen Vlorë, i nordvest til Fier og i nord til Berat.

Memaliaj
Utsyn mot Memaliaj
Utsyn mot Memaliaj
Utsyn mot Memaliaj
Byvåpenet til Memaliaj
Byvåpenet til Memaliaj
Styresmakter
Land
Region
Albania
Gjirokastër
Geografi
Flatevidd
 - By

372 km²
Innbyggjarar[1]
 - By (2011)

10 657
Koordinatar 40°21′0″N 19°59′0″E / 40.35000°N 19.98333°E / 40.35000; 19.98333
Tidssone CET (UTC+1)
Plassering
Memaliaj kommune innafor regionen Gjirokastër
Memaliaj kommune innafor regionen Gjirokastër
Memaliaj kommune innafor regionen Gjirokastër

Kommunen vart oppretta gjennom ei admininistrasjonsreform i 2014, ved at den tidlegare bykommunen Memaliaj vart slått saman med landkommunane Memaliaj Fshat, Luftinjë, Buz, Krahës og Qesarat.[2] Dei tidlegare kommunane inngår no som kommunaleiningar i den nye storkommunen. Kommunen har hovudsete i Memaliaj.

Ved folketeljinga i 2011 hadde den dåverande bykommunen 2 647 innbyggjarar, medan dei seks kommunane som i dag utgjer storkommunen Memaliaj, til saman hadde 10 657 innbyggjarar.[1]

Tidlegare administrativ inndeling

endre

Fram til år 2000 var dei tidlegare by- og landkommunane ein del av distriktet Tepelenë.[3] Den dåverande bykommunen omfatta berre sjølve byen Memaliaj.[2]

Referansar

endre