Menneskerase
Menneskerasar er forsøk på å dela menneske inn i nokre få ulike grupper på biologisk grunnlag, som regel fysiske trekk. Det å dela menneskearta inn i rasar blei vanleg innan vitskapen på 1800-talet, men blei gradvis forkasta i løpet av 1900-talet, både fordi ein ikkje lett kunne fastslå rasar på noko objektivt grunnlag, og på grunn av historiske røynsler med raseorientert politikk og eugenikk. Omgrepet blir framleis brukt i fleire land, men viser då som oftast til kulturelt fastsette grupper (til dømes sørasiatar, afroamerikanarar eller nordmenn). På norsk bruker ein gjerne det mindre lada ordet etnisitet for denne tydinga av rase.
Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon. |