Menneskerettar
Menneskerettar er grunnleggjande rettar og fridommar som tilkjem kvart menneske. Forkjemparar for slike rettar hevdar gjerne at kvart menneske har verdi i seg sjølv, uavhengig av etnisitet, klasse eller kjønn. I tillegg til å vera eit sentralt moralsk, politisk og juridisk verkemiddel i moderne politikk, både nasjonalt og internasjonalt, i forsvaret for rettane til individ, utgjer menneskerettane viktige og kontroversielle forskingsområde innan både filosofi og rettsvitskap.
Menneskerettane byggjer delvis på filosofien som blir kalla naturrett og rettsprinsippa bak naturretten. Tankar frå opplysingstida førte til erklæringa av slike rettar i Den amerikanske sjølvstendeerklæringa (1776) og den franske Erklæringa om rettane til mennesket og borgaren (1789). Etter andre verdskrigen gjekk landa i SN saman om Menneskerettsfråsegna (1948) og seinare fleire internasjonale fråsegner og konvensjonar som skulle definera og verna menneskerettar.
Dei viktigaste menneskerettane etter naturretten er personleg fridom, næringsfridom, organisasjonsfridom og retten til å binda seg ved lovnad, avtale eller skadegjerande handling. I moderne menneskerettstenking har retten til liv, ytringsfridom, røysterett, rettsstryggleik og trusfridom vokse fram som viktige menneskerettar.
Menneskerettane regulerer først og fremst tilhøvet mellom staten og individet. Ofte blir dei menneskerettane ein ser på som viktige nedfelte i grunnloven til eit land. Rettane kan også nedfellast i konvensjonar, til dømes den juridisk bindande europeiske menneskerettskonvensjonen.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Human Rights» frå Wikipedia på engelsk, og «Menneskerettigheter» frå Wikipedia på bokmål den 28. september 2010.
- «menneskerettigheter» i Store norske leksikon, snl.no.