Menopause, i daglegtale òg kalla klimakterium og overgangsalder, er definert som dagen for siste menstruasjon og slutten på den perioden av livet der ei kvinne er fruktbar. Menopause er altså eit tidspunkt og ikkje eit tidsrom. Menopause er ein reint «teknisk» definisjon sidan ein først kan fastslå tidspunktet for siste menstruasjon medisinsk eit menstruasjonsfritt år i etterhand.

For å skildra heile tidsrommet for overgangsprosessen presist bruker ein omgrepa premenopause, menopause og postmenopause i medisinsk terminologi. Ein ser òg bruk av omgrepet perimenopause ('tida kring menopause').

I munnleg språk bruker ein gjerne menopause synonymt med klimakterium og overgangsalder. Desse to omgrepa dekker heile prosessen i samband med opphøyr av menstruasjon og fruktbarheit og dei tilhøyrande forandringane, fysiske, psykiske og psykososiale, som hjå dei fleste kvinner skjer gradvis og over tid. Perimenopausen eller overgangsalderen er ingen sjukdom, men ein livsfase, akkurat som puberteten med menarken er det.

Alder ved menopause endre

Gjennomsnittsalder ved menopause hjå kvinner i den vestlege verda er ca. 51 år. Overgangsperioden mellom dei fruktbare åra og det at menstruasjonen opphøyrer heilt startar normalt med premenopausen i tida frå 40 til 51 år. Denne perioden kan vara i alt frå 6 månader til 10 år. Hormonnivåa varierer sterkt i denne tida, og ikkje nødvendigvis på ein føreseiebar måte, sjølv om trenden er søkkande. Dei sterke endringane i desse nivåa er ei viktig årsak til kjensla av fysisk, mental og kjenslesmessig ubalanse som mange kvinner opplever som typiske for premenopause.

Ei kvinne som får fjerna eggstokkane operativt, vil bli menopausal umiddelbart, uansett alder.

Tidleg menopause endre

Tidleg menopause blir diagnostisert hjå kvinner som mistar menstruasjonen før dei har fylt 40 år.

Hormonendringar i premonopause endre

Menstruasjonssyklusen er styrt av det endokrine systemet. Dei viktigaste kjertlane i denne samanhengen er hypotalamus og hypofysen.

Hypotalamus og hypofysen regulerer produksjonen av kjønnshormon i eggstokkane. Når ei kvinne har regelmessige menstruasjonssyklusar, er det teiknet på at hypotalamus utløyser gonadotropinfrigjerande hormon (GnRH). Dette fører til at forlappen av hypofysen sender ut auka mengder follikkelstimulerande hormon (FSH) i dei to første vekene av menstruasjonssyklusen. FSH stimulerer til at egg i eggstokkane mognar. Egget som mognar produserer østrogen, som fører til at livmorslimhinna blir tjukkare. Kring dag 14 i syklusen produserer så hypofyseforlappen større mengder luteiniserende hormon (LH). Dette fører til eggløysing i eggstokken. Området der follikkelen hadde plassen sin i eggstokken blir omdanna til ein gul lekam (corpus luteum). Den gule lekamen skil ut mindre østrogen og ei aukande mengd progesteron. Dersom egget ikkje blir befrukta i den kritiske perioden etter eggløysing, søkk produksjonen av østrogen og progesteron igjen. Når nivåa søkk under eit visst nivå, sørgjer hypotalamus for å setja i gang ein ny syklus – og menstruasjonen tek til.

Ei kvinne kan merka forandringar i menstruasjonssyklusen i fleire år før menopausen. Eggliarane har ei viss mengd egg i seg, og desse byrjar å ta slutt. Hypotalamus stimulerer hypofyseforlappen til å produsera meir FSH i eit forsøk på å få dei gjenverande egga til å mogna. FSH og LH-nivåa stig. Østrogennivåa kan variera. Ved å mæla FSH-nivået kan ein få ein indikasjon på om ei kvinne nærmar seg overgangsalder. Dette blir definert ut frå at FSH>10 mIU/ml. I førklimakteriet skjer eggløysingane uregelmessig. Dersom det ikkje skjer noka eggløysing, aukar ikkje progestoronnivået og østrogenproduksjonen kan halda fram. Dette kan føra til at livmorslimhinna veks seg endå tjukkare. Menstruasjonperioden kjem uregelmessig og blødingane kan vera ganske kraftige. I andre syklusar kan blødingane vera svært lette. Etter som menopausen nærmar seg, produserer eggstokkane mykje mindre østrogen og progesteron, og menstruasjonen tek slutt. Østrogennivåa søkk samstundes som FSH og LH-nivåa stig. Dette markerer den kliniske definisjonen på at menopausen har funne stad.

Plager og ubehag knytte til menopause endre

Menopause-relaterte symptom kan delast inn i tre kategoriar:

  • Vasomotoriske plagar som heitetokter, sveittetokter, søvnløyse med fleire. Dei blir kalla vasomotoriske fordi dei har samanheng med omfanget eller diameteren til blodkara.
  • Psykologiske plager som kan vera humørsvingingar, irritabilitet, lågt energinivå, trøyttleik, utmattaheit og nokre gonger òg klinisk depresjon.
  • Psykososiale/metaboliske plagar som kjem av lokal østrogenmangel. Kan gje tørr skjede, atrofisk vaginitis, dyspareunia osb. Vidare aukar beintapet i skjelettet som kan føra til beinskjørheit (osteoporose) og det er ein auke i kardiovaskulære lidingar.

Kjelder endre