Menarke (menarche, av gresk men, ‘månad’ og arkhe, ‘byrjing’)[1] er byrjinga på menstruasjonen til ei kvinne.[2] Både sosialt og medisinsk sett er menarke ofte rekna som ein sentral del av kvinneleg pubertet, og eit teikn på fertilitet. Vanlegvis finn menarken stad mellom 10 og 16 års alder, men han kan koma så tidleg som ved 9-årsalderen eller så seint som ved 17-årsalderen. Forbetra helse og kosthald har ført til at alderen for menarke har gått påtageleg ned i store delar av verda dei siste hundre åra. Gjennomsnittleg alder for menarke er i dag 13 år i Noreg.[1]

Menarke kan finna stad når fleire faktorar er oppfylte, mellom anna:

  • Tilstrekkeleg høg kroppmasse (17 % kropspfeitt)
  • Dysinhibering av GnRH-utsondring frå hypotalamus
  • Sekresjon av østrogen frå eggstokkane som svar på hormonar frå hypofysen. Gjennom ein periode på 2–3 år føre dette til vekst i livmor, bryst, breiing av bäckenbenet og dessutan andre sekundære kjønnskarakteristikkar.

Referansar endre

  1. 1,0 1,1 «menarke». Store medisinske leksikon (på norsk bokmål). 11. juli 2019. 
  2. «menarche - Uppslagsverk». www.ne.se. Henta 14. februar 2020.