Hanukká

(Omdirigert frå Hanukka)

Hanukká (hebraisk חֲנוּכָּה el. חֲנֻכָּה ḥănukkā) er den rabbanittisk-jødiske lyshøgtida som varar i åtte kveldar frå 25. kislév til 3. eller 4. tebét — det vil seie kring nymåne i desember. I 2011 varte hanukká frå solnedgang den 20. desember til solnedgang den 28. desember.

Ein gut tenner lys i den niarma hanukká-lysestaken, hanukká eller hanukkijá.
Hanukkamontasje frå Israeli News Company.

Hanukká blir feira med tenning av levande lys i ein spesiell lysestake med åtte vanlege armar og ein niande arm for sjammásjen («tenaren»), med feit mat og mjølkemat, glad musikk, tekstlesing og ofte med gjeving av gåver. Enkelte pyntar òg tre — noko som mange andre avviser som ein ikkje-jødisk skikk.

Hanukká, som tyder ‘innviing’ på hebraisk, blir feira til minne om da Tempelet i Jerusalem vart atterinnvigt av makkabearane i år 165 fvt. etter å ha vorte skjenda av den syriske okkupasjonsmakta. To aspekt ved denne innviinga har vorte vektlagde i ulik grad gjennom hundreåra — sigeren i frigjeringskrigen og underet ved lampeoljen som varte i åtte dagar i staden for ein. Nokre religionshistorikarar meiner det kan vera eit historisk samband mellom denne høgtida og sukkót (lauvhyttefesten) som finn stad eit par månader tidlegare.

Primærkjelder endre

Den eldste kjelda til hanukkahistoria finst i 1. og 2. Makkabearbok. Desse bøkene er ikkje med i Den jødiske bibelen men er inkluderte blant dei deuterokanoniske skriftene som er inkluderte i Septuaginta. Desse tekstene er rekna som kanoniske i etiopiske jødedom, katolsk kristendom og austleg kristendom. Ei anna kjelde som truleg er av seinare opphav er Megillat Antiokhos — ein tekst som vart tilskriven makkabearane sjølve av Sa‘adia Gaón, men som meir truleg vart skriven kring det første eller andre århundret av den vestlege tidsrekninga.

Historie endre

Kring 200 fvt. levde jødane som autonomt folk i Israel, som på den tida låg under den selevkidiske kongen av Syria. Jødane betalte skatt til Syria og godtok syrisk lov og var elles stort sett frie til å følgje sin eigen religion, kontrollere sine eigen økonomi og drive med handel.

I 180 fvt. sat Antiokhos IV Epiphanes på selevkid-trona. Til å begynna med var det få endringar, men under styret hans vart jødane gradvis tvungne til å bryte føreskriftene i trua si. Jødane gjorde da opprør, Tempelet i Jerusalem vart plyndra, jødar vart massakrerte og jødedommen vart i praksis forboden.

I 167 fvt. gav Antiokhos ordre om at eit Zevs-altar skulle setjast opp i Tempelet. Mattitjáhu, ein kohén (jødisk prest) og dei fem sønene hans, Johanán, Sjim‘ón, El‘azár, Jonatan og Jehudá, leidde eit opprør mot Antiokhos. Jehudá vart kjend som Jehudá hammakkabbí (Judas Makkabeus, Judas med hammaren). I 166 fvt. tok Jehudá over rolla som leiar etter at Mattitjáhu døydde. I 166 fvt. vann opprørarane endeleg over selevkid-styret og Tempelet i Jerusalem vart frigjort, reinsa og atterinnvigd.

Hanukká-festen vart innstifta av Jehudá Hammakkabbí og brørne hans for å feire denne hendinga. (1. makk. 4:59) Det blir fortalt at etter at dei hadde vunne attende Jerusalem og Tempelet gav Jehudá hammakkabbí ordre om at Tempelet skulle reinsast, eit nytt altar skulle byggjast i staden for det skjenda altaret, og nye rituelle gjenstandar skulle lagast. Da elden vart tend att på altaret og oljelampene i menoraen vart tende, vart atterinnviinga av Tempelet feira i åtte dagar med ofringar og musikk. (1. makk. 4:36)

Ein del historikarar meiner at grunnen til den første feiringa av hanukká varte i åtte dagar var at dette var ei forseinka markering av sukkót (lauvhyttefesten) (sjå 3. makk. 10:6 og 1:9.), sidan det ikkje var praktisk mogleg for jødane å feire sukkót på rett vis under krigen. Sukkót er òg ei åttedagars høgtid, og under tida da det andre Tempelet stod var tenning av lamper ein viktig del av sukkót-feiringa. (Sukkót 5:2-4) Lys vart òg tende heime, og det folkelege namnet på høgtida var derfor «Lyshøgtida». (Josephus, Jødiske historiske hendingar 12:7, §7) Det har vorte påpeikt at dei jødiske valfartsfestane er knytte til innhaustinga av dei bibelske «sju fruktene» som Israel er kjent for. Pesah er ei feiring av bygghausten, sjabu‘ót (vekefesten) markerer kveitehausten og sukkót (lauvhyttefesten) markerer innhaustinga av fiken, dadlar, granateple og druer. Hanukká føyer seg inn i denne rekkja med å markere innhaustinga av det sjuande slaget, nemleg oliven. Olivenhausten finn stad i november, og olivenoljen ville dermed vera ferdig til bruk under hanukká i desember.

Opphavet åt hanukká er truleg enda eldre og meir grunnleggjande for kulturar på den nordlege halvkula. Fleire religionar markerer mørketida med ein lysfestival — i den skandinaviske åsatrua feirar ein jul med midtvinterblot ved vintersolkverv, i kristendommen feirar ein kristmesse (i Skandinavia oftast kalla «jul» etter den førkristne festen), i hinduismen feirar ein lysfesten dipavali (‘rekkjer av lys’), romarane feira saturnalia og i jødedommen feirar ein hanukká.

Hanukká i Talmúd og rabbinske kjelder endre

Hanukká-miraklet er nemnt i Talmúd, men ikkje i Makkabearbøkene. Denne høgtida markerer sigeren over slevkid-styrkane som hadde prøvd å hindre Israel i å praktisere jødedommen. Jehudá hammakkabbí og brørne hans vann over overveldande styrkar og atterinnvigde Tempelet. Denne åttedagslange høgtida blir markert ved at ein tenner lys i ein særskild menora som blant dei fleste sefardiske jødar tradisjonelt er kjend som ein hanukká og blant Balkan-sefardím og i moderne hebraisk som ein hanukkijá.

I Talmúd (Shabbát 21b) høyrer vi at etter at okkupasjonsmakta hadde vorte utdriven frå Tempelet, så gjekk makkabearane inn for å taka ned dei heidenske gudebileta og setja Tempelet i stand att. Dei oppdaga at dei fleste heilage gjenstandane hadde vorte skjenda. Dei leitte òg etter rituelt reinsa olivenolje for å tenne det evige lyset i menoraen att, men fann berre nok olje til å vara ein einaste dag. Dei fylte denne oljen i lampa og tende ho og gav seg så til med å presse og reinse ny olje. Ved eit under varte oljen lenge nok til at da dei endeleg hadde den nye oljen klar til bruk åtte dagar seinare, så brann lyset i menoraen framleis. Dette er sagt å vera grunnen til at rabbinske jødar tenner levande lys kvar kveld gjennom heile høgtida.

I Talmúd viser dei til to ulike tradisjonar for korleis ein tende lysa:

  1. Sjammai tilrådde å tenne åtte lys på den første kvelden og deretter eitt lys mindre kvar kveld inntil ein berre tente eitt einaste hanukkalys på den siste kvelden.
  2. Hillél tilrådde å tenne eitt lys den første kvelden, og deretter eitt ekstra lys kvar kveld, inntil ein tende åtte hanukkalys den siste kvelden. (Talmúd Sjabbát 21b) Josephus meinte at lysa symboliserte fridommen som jødane fekk på den dagen ein minnest under hanukká-høgtida.

Hanukká i dag endre

Ritual endre

 
Hanukkalesing av storrabbinar Aaron Rabinowitz.

Lystenning endre

Kvar av dei åtte kveldane av hanukká tenner ein minst eitt levande lys. Den normale skikken er å tenne eitt hanukkalys på første kvelden, to hanukkalys på andre kvelden og så vidare inntil åttande kvelden, når ein tenner åtte hanukkalys. Ein har ikkje lov til å bruke desse lysa til noko anna enn å sjå dei og minnast underet i Tempelet. Sidan det kan hende at ein gløymer seg eller har eit ærend som ikkje kan vente, tenner ein òg eit ekstra lys kvar kveld — ein såkalla sjammásj, eller ‘tenar’. Funksjonen åt tenaren er å gjeva lys slik at den som kjem til å utføre arbeid ikkje gjer dette berre til lyset av hanukkalysa. Askenasiske jødar brukar sjammásjen òg til å tenne hanukkalysa med, medan sefardiske jødar brukar eit anna lys til dette og tenner sjammásjen sist, slik at han ikkje skal brenne ut føre dei andre lysa.

Dei levande lysa har tradisjonelt vore småe oljelamper med olivenolje, men i nyare tid har det vorte vanleg å bruke vokslys eller stearinlys i staden.

Føre ein tenner det første lyset seier ein to velsigningar: Den første velsigninga er over bodet om å tenne lys for hanukká, og den andre er ei takkseiing over undra som skjedde i Jerusalem i dei dagane (165 fvt.) og på denne tida (frå 25. kislév). På første kvelden seier ein i tillegg sjehehejánu, ei takkseiingssigning over at ein enda ein gong har fått nå fram til denne tida.

Etter å ha tent det første lyset seier ein «Hannerót hallálu»:

הַנֵּרוֹת הַלָּֽלוּ אָֽנוּ מַדְלִיקִין. עַל הַנִּסִּים וְעַל הַפּוּרְקַן וְעַל הַגְּבוּרוֹת וְעַל הַתְּשׁוּעוֹת וְעַל הַנִּפְלָאוֹת וְעַל הַנֶּֽחָמוֹת. שֶׁעָשִֽׂיתָ‌ לַֽאֲבוֹתֵֽינוּ. בַּיָּמִים הָהֵם. בַּזְּמַן הַזֶּה. עַל יְדֵי כֹּֽהֲנֶֽיךָ הַקְּדוֹשִׁים. וְכָל־שְׁמוֹנַת יְמֵי חֲנוּכָּה. הַנֵּרוֹת הַלָּֽלוּ קֹֽדֶשׁ הֵן. וְאֵין לָֽנוּ רְשׁוּת לְהִשְׁתַּמֵּשׁ בָּהֵן. אֶלָּא לִרְאוֹתָן בִּלְבַּד. כְּדֵי לְהוֹדוֹת לִשְׁמֶֽךָ עַל נִסֶּֽךָ וְעַל יְשֽׁוּעָתֶֽךָ וְעַל נִפְלְאוֹתֶֽךָ׃

Desse lysa tenner vi for mirakla og for forløysingane og for storverka og for bergingane og for undra og for trøystene som du gjorde for foreldra våre i dei dagane, på denne tida, med hjelp av dei heilage prestane dine. Og alle åtte hanukkadagane er desse lysa heilage, og det er ikkje lov for oss å bruke dei anna enn å sjå på dei for å prise Namnet Ditt for mirakla Dine, bergingane Dine og undra Dine.” (sefardisk versjon, omsett av Olve Utne)

Askenasiske jødar og i nyare tid òg enkelte vesteuropeiske og syriske sefardim syng så den tysk-jødiske mellomalderhymnen Ma‘oz sur. Sefardiske jødar syng oftast Davidssalme 30. Særleg blant askenasiske jødar er det òg vanleg å syngje andre hanukkasongar i samband med lystenninga — sjå meir om dette under bolken om musikk nedanfor.

Tekstlesing endre

Musikk endre

Liste over sentrale hanukkasongar:

 
Hanukkaretter.

Mat endre

Det er vanleg å eta mjølkemat, til dømes semulepudding, særleg blant sefardiske jødar og mizrahiske jødar. Europeiske sefardim og askenasar legg særleg stor vekt på mat steikt i olje — slik som bimuelos (ein variant av berlinerbollar) eller latkes (frityrsteikte potetlappar).

Rolla til Israel endre

I og med at staten Israel vart oppretta i 1948 har det vorte noko meir fokus på atterinnføringa av jødisk sjølvstende i Israel enn det som tradisjonelt har vore tilfelle i rabbinsk jødedom. Den tradisjonelle askenasiske dreidelen, ein snurrebass med fire sider som fungerer som ein terning, har vanlegvis bokstavane נ (nun) ג (gimel) ה (he) ש (šin). Desse bokstavane har i nyare tid vorte tolka som ei forkorting av hebraisk «nes gadól hayá šam» (eit stort under hende der) — blir i Israel i dag produsert med ein פ (pe) i staden for ש (šin). Tydinga blir dermed endra frå at underet hende der (šam) til at det hende her (po).

Påverknad frå kristen kultur endre

Frå tidleg på 1900-talet, særleg i USA, har det vore mykje kulturell påverknad frå generell vestleg kultur. Dette viser seg mellom anna i at mange kulturelle trekk som elles er typisk for julefeiring er vorte tekne i bruk i samband med hanukká — anten direkte eller i meir eller mindre modifisert form. Dette gjeld mellom anna ei mykje større vekt på gåvegjeving og utvendige lysdekorasjonar. Frå tidleg på 1900-talet har det vorte relativt vanleg å taka inn tre og pynte til hanukká. Denne skikken blir avvist av mange jødar som ein kristen tradisjon, sjølv om denne skikken er eldre enn kristendommen i Tyskland, der skikken kjem frå. Symbolske fargar er vorte vanleg for hanukká akkurat som for jul. Dei typiske hanukkafargane er blått, kvitt og sølv.

Humor: «The Hanukkah man» endre

Ein sjeldan gong kan ein òg, som kulturell humor — og på ingen måte godteke som ein ekte jødisk skikk, finne «the Hannukah man» — røslege julenisse-liknande heilskjeggkarar i blå nisselue med kvit pelstrimming, og elles gjerne iført hasidisk klesdrakt med vest og sisít — men desse blåkledde driv ikkje med sortering av snille og slemme born, men konsentrerer seg heller om servering av latkes (potetpannekaker), tenning av hanukkalys og song og spel av munter musikk. Dette heng sjølvsagt saman med andre kulturelle parodiar som til dømes den afro-amerikanske «Kwanzaa dude».

Påverknad på kristendommen endre

Jødisk bakgrunn for jula endre

Den kristne julefeiringa har truleg mykje av det historiske opphavet sitt i hanukká — ved sida av den romerske saturnalia-festen og lokale før-kristne skikkar, slik som nord-europeisk åsatru i Skandinavia.

Hanukká blant kristne endre

I dei siste tiåra har mange protestantiske kristne byrja å orientere seg kring dei jødiske røtene åt religionen deira og har teke til seg mange høgtider og feiringar frå jødedommen. Denne tendensen er særleg sterk i den synkretistiske religionen messiansk jødedom, men er på ingen måte avgrensa berre til denne gruppa. Mange kristne tenner hanukkalys og følgjer eventuelt òg andre hanukkaskikkar. I tillegg til dette meiner ein del kristne at det er samband mellom lysunderet i Tempelet og Jesu fødsel. Nokre meiner at den 25. kislév er den korrekte juledagen, ikkje 25. desember. Slik kombinerer og utvidar ein del kristne desse to høgtidene, medan andre att held dei atskilde og feirar båe to.

Historisk tidsline endre

Kva datoar fell hanukká på? endre

Første kvelden av hanukká fell på dei følgjande datoane i den gregorianske kalenderen:

  • 2000: 21. desember
  • 2001: 9. desember
  • 2002: 29. november
  • 2003: 19. desember
  • 2004: 7. desember
  • 2005: 25. desember
  • 2006: 15. desember
  • 2007: 4. desember
  • 2009: 11. desember
  • 2010: 1. desember
  • 2011: 20. desember
  • 2012: 8. desember
  • 2013: 27. november
  • 2014: 16. desember
  • 2015: 6. desember
  • 2016: 24. desember
  • 2017: 12. desember
  • 2018: 2. desember
  • 2019: 22. desember
  • 2020: 10. desember

Sjå òg endre

Bakgrunnsstoff endre

Generelle faglege lenkjer endre

Humor endre