Merhavia moshav
Merhavia (hebraisk מֶרְחַבְיָה) er ein moshav nord i Israel. Han høyrer til Jezreeldalen regionale kommune og hadde i 2006 eit folketal på 722. Moshaven vart grunnlagd i 1911 som den første moderne jødiske busetjinga i Jezreeldalen.
Merhavia | |||
מֶרְחַבְיָה | |||
kibbutz | |||
Land | Israel | ||
---|---|---|---|
Region | Galilea | ||
Distrikt | Nord distrikt | ||
Kommune | Jezreeldalen | ||
Koordinatar | 32°36′16.92″N 35°18′29.16″E / 32.6047000°N 35.3081000°E | ||
Folketal | 664 (2015) | ||
Grunnlagd | 1911/1922 | ||
• Grunnlagd av | Kvutzat Kibush-medlemmar og emigrantar under den andre Aliyah | ||
Tilhøyrsle | Moshavrørsla | ||
Merhavia moshav 32°36′19″N 35°18′28″E / 32.60527778°N 35.30777778°E | |||
Kart som viser Merhavia moshav.
| |||
Wikimedia Commons: Merhavia (Moshav) |
Landsbyen vart grunnlagd som Fellesskapet i Merhavia, eit andelsbruk, i byrjinga av 1911, basert på ideane til Franz Oppenheimer. Grunnleggjarane hadde kome til området i 1910 og bestod av medlemmar av Kvutzat Kibush og arbeidarar frå den andre Aliyah. Han var meint å fungere som eit andelsbruk og vart grunnlagd med støtte av Arthur Ruppin, Yehoshua Hankin, Anglo-Palestine Bank og Eliyahu Blumenfeld. Alexander Baerwald teikna og bygde dei første faste bygningane og eit vegnettverk i 1915.[1] Namnet Merhavia kjem frå salmane Salmane 118:5.
I 1922 vart staden omgjort til ein moshav ovdim etter at polske emigrantar og innbyggjarar frå Tel Aviv som ønskte å drive jordbruk slo seg ned. I 1929 vart ein kibbutz, òg kalla Merhavia, grunnlagd ved sidan av moshaven.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Merhavia (moshav)» frå Wikipedia på engelsk, den 27. februar 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Myra Warhaftig (de) (hebraisk מירה ווארהפטיג), «Alex Baerwald», in: id., Sie legten den Grundstein. Leben und Wirken deutschsprachiger jüdischer Architekten in Palästina 1918-1948, Berlin and Tübingen: Wasmuth, 1996, s. 34-41, here s. 35. ISBN 3-8030-0171-4
Bakgrunnsstoff
endre- Offisiell nettstad (he)