Merle Antony Tuve

amerikansk fysikar

Merle Antony Tuve (27. juni 190120. mai 1982) var ein amerikansk fysikar av norsk avstamming. Han var tilsett ved Carnegie Institution i Washington D.C. frå 1926. Frå 1946 til 1966 var han direktør for Department of Terrestrial Magnetism ved same stad. Tuve er kjent for tidlege studium av ionosfæren og for utvikling av Van de Graaff-akseleratoren for bruk innan kjernefysikk (saman med Lawrence Hafstad og Odd Dahl).

Merle Anthony Tuve
Fødd27. juni 1901
Canton i Sør-Dakota
Død20. mai 1982 (80 år)
Bethesda i Maryland
NasjonalitetUSA
OmrådeFysikk
Yrkefysikar, geofysikar
Alma materUniversity of Minnesota
(BS, 1922)
(MS, 1923)
Johns Hopkins University
(PhD, 1927)
MedlemNational Academy of Sciences
American Academy of Arts and Sciences
ReligionLuthersk

Kjelder

endre