Merthyr Tydfil (walisisk Merthyr Tudful) er ein by og eit grevskapsdistrikt i det sørlege Wales. Byen ligg i det bevarte grevskapet Glamorgan. Han har kring 55 000 innbyggjarar.

Merthyr Tydfil
by
Land  Storbritannia
Konstituerande land  Wales
Folketal 43 820 (2011)[1]
Kart
Merthyr Tudful
51°44′50″N 3°22′41″W / 51.747263°N 3.3779499°W / 51.747263; -3.3779499
Wikimedia Commons: Merthyr Tydfil

Før den industrielle revolusjon var Mertyr Tydfil ein liten landsby. Men han låg nær førekomstar av jernmalm, kol, kalkstein og vatn, noko som gjorde staden ideell for jernverk. Dette førte til at han i 1851 var den største byen i Wales, med 46 000 innbyggjarar. Sidan 1920-åra har byen jamt over hatt nedgangstider.

Dagens grenser vart vedteke i 1974. Det tidlegare grevskapsdistriktet vart noko utvida, slik at det òg dekket Vaynor i Glamorgan og Bedlinog i Breconshire og det vart omdefinert til eit distrikt i Mid Glamorgan. 1. april 1996 vart det igjen eit sjølvstyrt grevskapsdistrikt.

Fotballklubben i byen heiter Merthyr Tydfil F.C., med kallenamnet «The Martyrs».

Merthyr Tydfil var vertskap for den nasjonale Eisteddfod i 1881 og 1901.

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Merthyr Tydfil