Messe de Nostre Dame

Messe de Nostre Dame er ei messe skriven av Guillaume de Machaut, ein gong før 1365. Dateringa er uviss (nokre meiner ho er skriven alt i 1346). Messa er rekna som eit storverk innanfor mellomaldermusikken og ars nova, og er den første gjennomkomponerte messesyklusen i historia skriven av ein komponist.

Oppbygging endre

Messa er bygd opp kring dei faste messeledda: Kyrie, Gloria, Credo, Sanctus og Agnus Dei. Til slutt følgjer ein stutt Ite, Missa est. Kyrien alternerer med den gregorianske Kyrie-melodien (nr IV i gradualet). Sanctus og Agnus Dei nyttar melodiar frå messe XVII, og Ite er henta frå Sanctus VIII. Gloria og Credo er gjennomkomponerte utan tydeleg tilvising til nokon særskild gregoriansk melodi. Desse står i melodisk skyldskap til kvarandre.

Nostre Dame-messa er skriven for fire stemmer, heller enn dei vanlege tre som var i bruk. Machaut har lagt til ei ekstra stemme, som svarar til den moderne bass-lina.

Sameining endre

Machaut sameinte dei faste messeledda på ein måte som ikkje hadde vore vanleg før hans tid. I ei vanleg høgmesse er ordinarieledda skilde frå kvarandre ved proprieledd, lesing, bøner og hymner. Det er rekna med at dette kunstargrepet sette standard for seinare utforming av messesyklusar gjennom renessanse og nytid.

Formål og stil endre

Machaut skreiv Messe de Nostre Dame for Katedralen i Reims, der han virka som korleiar og prest. Skal ein tru lister som er funne i katedralen er messa skrive for ei fruemesse halden på ein laurdag. Nokre forskarar meiner at Machaut ikkje var i arbeid her før mot slutten av 1350-talet, og at han skreiv denne messa som takk for tilsettinga. Skal ein følgje testamenta til Machaut og bror hans, Jean, som og var tilsett ved katedralen, var messa og tenkt til bruk i minnegudstenesta over dei. Men det er ikkje fastsett kva bruk messa var meint for.

Ein reknar med at Machaut kjende til Tournai-messa, ein syklus som er noko eldre, men anonym. Denne messa er sett saman av ulike messeledd frå ulike komponistar. Særskild Gloria og Credo i Nostre Dame-messa har noko likskap med messa frå Tournai. Dei andre messeledda i Machauts messe er laga i motett-stil.

Innspelingar endre

Messa vart spela inn alt i 1956 for Deutsche Grammophon. Seinare har The Hilliard Ensemble sunge ho inn (Hyperion records, 1989).

Oxford Camerata gjorde ei utgåve i 1996 (Plateselskapet Naxos, og endeleg har Ensemble Gilles Binchois gjort messa på plate i 2000 (Cantus).

Kjelder endre

  • Artikkelen bygger på Messe de Nostre Dame på Engelsk Wikipedia.