Metallkulegullkvefs

insektart
Metallkulegullkvefs
Metallkulegullkvefs Foto: Alexander Berg
Metallkulegullkvefs
Foto: Alexander Berg
Status
Status i Noreg: LC Livskraftig[1]
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Leddyr Arthropoda
Klasse: Insekt Insecta
Orden: Årevengjer Hymenoptera
Familie: Gullkvefsar Chrysididae
Slekt: Pseudomalus
Art: Metallkulegullkvefs P. auratus
Vitskapleg namn
Pseudomalus auratus

Metallkulegullkvefs (Pseudomalus auratus) er ein gullkvefs i slekta kulegullvefsar og kan rulla seg saman som ei kule. Han er oppgjeven som parasitt frå artar i slektene Passaloecus, Pemphredon og Psenulus. Kvefsen kan finnast i busk og kratt med daud ved.

Metallkulegullkvefs kan kjennast att på dei lange håra og den djupe innskjeringa i bakkroppsspissen.

I Noreg er arten utbreidd på Austlandet,[2] men det er uklart kva artar han føretrekkjer som vertar her i landet.

Metallkulegullkvefs
Foto: Arnstein Staverløkk/Norsk institutt for naturforsking

Kjelder endre

Referansar
  1. Ødegaard F, Lønnve OJ, Staverløkk A og Sydenham MAK (24. november 2021). «Vepser: Vurdering av metallkulegullveps Pseudomalus auratus for Norge. Norsk rødliste for arter 2021.». Artsdatabanken. Henta 15. mars 2022. 
  2. «Artsdatabankens artsopplysningar». Artsdatabanken. 15. mars 2022. Henta 15. mars 2022. 
  Denne dyreartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.