Mette Abildgaard
Mette Abildgaard Juulsager (fødd 12. oktober 1988 i Horsens) er ein dansk politikar for Det Konservative Folkeparti. Ho har vore vald til Folketinget frå Nordsjællands storkrins sidan 2015. Ho har vore både formann og politisk ordførar for den konservative folketingsgruppa.[1]
Mette Abildgaard | |||
| |||
Fødd | 12. oktober 1988 (36 år) Horsens | ||
---|---|---|---|
Statsborgar av | Kongeriket Danmark | ||
Parti | Det Konservative Folkeparti | ||
Yrke | politikar | ||
Institusjonar | Hotel Pejsegaarden Betty Nansen Teatret | ||
Utdanna ved | Tørring Gymnasium Roskilde Universitet | ||
Verv | Folketingsmedlem 18. juni 2015– | ||
Alle verv |
Liv og virke
endreAbildgaard vaks opp i landsbyen Føvling i dåverande Holsted kommune. Faren var lastebilsjåfør, og mora arbeidde på ein eldreheim.[2][3] Ho tok studentereksamen ved Tørring Gymnasium i 2007 og kandidatutdanning (med graden cand.scient.soc.) i offentleg administrasjon og kommunikasjon ved Roskilde Universitet i 2013. Ho har sidan budd i København-området. Ho har vore kommunikasjonsrådgjevar for Betty Nansen Teatret og for IT-selskapet Solution Team.[1]
Abildgaard melde seg inn i Konservativ Ungdom som 14-åring.[4] I perioden mellom 2009 og 2014 var ho 2. vara til dei konservative til Europaparlamentet. Abildgaard blei vald inn i regionrådet for Region Hovedstaden i 2014, og blei formann for den konservative gruppa, formann i kreftutvalet og medlem av helseutvalet og psykiatriutvalet. Ho blei styremedlem i Patienterstatningen og Professionshøjskolen Metropol i tillegg til medlem av helseutvalet i Danske Regioner. I 2015 blei Abildgaard vald til Folketinget frå Nordsjællands storkrins med 3 207 personlege røyster, etter å ha vore 1. vara i perioden 2011–2015.[1][5]
Abildgaard har vore spesielt engasjert i kreftsaka. Ho har vore friviljug kampanjeleiar i Kræftens Bekæmpelse.[1]
Privatliv
endreI 2016 gifta Abildgaard seg med journalisten Jens Jacob Juulsager. Dei bur i København.[1]
Kjelder
endre- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 «Mette Abildgaard (KF)» (på dansk). Folketinget. Henta 8. mars 2019.
- ↑ Wissendorff, Anya (19. juni 2015). «Føvling-pige på vej i Folketinget: Det er så vildt». Horsens Folkeblad (på dansk). Henta 18. juli 2015.
- ↑ Mortensen, Mikkel Walentin (11. oktober 2018). «30 år fredag: Den konservative komet». Berlingske (på dansk). Henta 10. august 2020.
- ↑ Skjoldan, Lise-Lotte (28. mai 2015). «På spring til Folketinget: Mette Abildgaard» (på dansk). altinget.dk. Henta 18. juli 2015.
- ↑ «Mette Abildgaard. CV» (på dansk). Det Konservative Folkeparti. Arkivert frå originalen 1. juli 2015. Henta 18. juli 2015.
- Denne artikkelen bygger på «Mette Abildgaard» frå Wikipedia på bokmål, den 24. mars 2024.