Mevo Horon (hebraisk skrift מְבוֹא חוֹרוֹן, tyder Horonporten) er ei israelsk busetjing og religiøs moshav shitufi på den okkuperte Vestbreidda. Han ligg nær Latrun og Modi'in og er underlagt Mateh Binyamin regionale kommune. I 2007 hadde han 1200 innbyggjarar. Det internasjonale samfunnet reknar israelske busetjingar i Vestbreidda som ulovlege etter folkeretten, men dei israelske styresmaktene hevdar dei har retten på si side.[2]

Mevo Horon
moshav
Land Mal:Landdata Israel, Vestbreidda, Israels okkuperte områder
Distrikt Judea- og Samaria-området
Koordinatar 31°50′57.04″N 35°2′9.34″E / 31.8491778°N 35.0359278°E / 31.8491778; 35.0359278
Areal 0,25 km²
Folketal 2 669 (2019)[1]
Grunnlagd 1970
Kart
Mevo Horon
31°50′57″N 35°02′09″E / 31.849177777778°N 35.035927777778°E / 31.849177777778; 35.035927777778
Wikimedia Commons: Mevo Horon
Nettstad: http://www.mevo-horon.org.il/

Landsbyen vart grunnlagd i 1970 av medlemmar frå Ezra ungdomsrørsle og var den første landsbyen i kommuneområdet. Han vart flytta til den noverande staden i 1974.[3] Han har namn etter den bibelske Beit Horon (Josva 10:10), som låg i nærleiken av den moderne israelske landsbyen og busetjinga Beit Horon.

Mevo Horon

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 https://citypopulation.de/en/israel/westbanksettlements/west_bank/3709__mevo_horon/; Wikimedia-import-URL: https://he.wikipedia.org/w/index.php?oldid=29003021.
  2. «The Geneva Convention». BBC News. 10 December 2009. Henta 15. september 2015. 
  3. Carta's Official Guide to Israel and Complete Gazetteer to all Sites in the Holy Land. (3rd edition 1993) Jerusalem, Carta, p.325, ISBN 965-220-186-3 (English)

Bakgrunnsstoff endre