Mia Hermansson Högdahl

svensk handballspelar
(Omdirigert frå Mia Hermansson)

Mia Hermansson Högdahl (fødd 6. mai 1965) er ein svensk tidlegare handballspelar og seinare -trenar frå Göteborg. Ho vann EHF-meisterligaen med Hypo Niederösterreich i 1994 og 1995. Rykkromspelaren/playmakeren vart svensk meister 1987 med Tyresö HF. Sidan vart ho trefaldig både serie- og cupmeister med Byåsen IL i tida 1991-98 og firfaldig både serie- og cupmeister med Hypo Niederösterreich i Austerrike perioden 1993-96. Med sine 1091 mål på 216 landskampar er Mia Hermansson-Högdahl mestskårande for Sverige på kvinnesida. Ho vart kåra til Årets handballspelar i verda 1994 av Det internasjonalke handballforbundet (IHF).

Mia Hermansson Högdahl


Statsborgarskap Sverige
Fødd 6. mai 1965 (59 år)
Göteborg
Idrett handball
Utmerkingar Årets handballspelar frå IHF

I 2009 vart Hermansson Högdahl assisterande landslagssjef i Noreg. Størstedelen av sitt vaksne liv har ho budd i Trondheim.

Ho er mor til handballspelaren Moa Högdahl.

Kjelder

endre