Mia Mottley

Mia Amor Mottley (fødd 1. oktober 1965) er ein barbadisk politikar. Ho blei statsminister i landet den 25. mai 2018 etter at partiet hennar, Barbados Labour Party, vann parlamentsvalet. Mottley blei dermed den fyrste kvinnelege statsministeren på Barbados.

Mia Mottley
2019 Mia Mottley (cropped).jpg
Fødd1. oktober 1965 (57 år)
Barbados
Statsborgar avBarbados
PartiBarbados Labour Party
Yrkepolitikar
Utdanna vedLondon School of Economics
United Nations International School
University of the West Indies - Cave Hill Campus

Liv og virkeEndra

Mottley er jurist.[1] Ho studerte ved London School of Economics i Storbritannia.[2]

I 1991 gjekk Mottley inn i politikken.[3] Ho representerte partiet Barbados Labor Party (BLP). Frå 1991 til 1994 var ho senatmedlem.[4] I 1994 blei ho vald inn i parlamentet. Ho fekk straks regjeringsoppgåver, og mellom 1994 og 2008 hadde ho ei rekkje ulike ministerpostar. Ho har vore minister for utdanning, kultur og ungdom (1994–2001), justisminister og innanriksminister (2001–2006), visestatsminister (2003–2006) og minister for økonomi og utvikling (2006–2008).[5] Frå 2008 til 2010 var ho partileiar i BLP og opposisjonsleiar i parlamentet. Ho vann att partileiarvervet i 2013. Mottley var første kvinne både som justisminister og som opposisjonsleiar.[5]

Ved valet 24. mai 2018 vann BLP alle dei 30 seta i House of Assembly.[6] Mottley blei teken i eid som statsminister av generalguvernør Sandra Mason dagen etter valsigeren.[3] Ho var den fyrste kvinnelege statsministeren sidan Barbados blei uavhengig frå Storbritannia i 1966.[7] Dette var også fyrste gong i historia til landet at kvinner var i postane som generalguvernør og som statsminister.[6]

ReferansarEndra

  1. «Mia Amor Mottley», The Inter-American Dialogue. Lest 26. mai 2018.
  2. «Mona Academic Conference, The University of West Indies, Mona». Henta 26. mai 2018. 
  3. 3,0 3,1 «Mia Mottley is sworn in as new Prime Minister» Arkivert 2018-07-23 ved Wayback Machine., Barbados Today, 25. mai 2018. Lest 26. mai 2018.
  4. «Honourable Mia Amor Mottley, QC, MP» (på engelsk). Henta 26. mai 2018. 
  5. 5,0 5,1 «Women in Politics in Barbados», Caribbean Elections. Lest 26. mai 2018.
  6. 6,0 6,1 «Barbados General Election Results - 24 May 2018», Caribbean Elections. Lest 26. mai 2018.
  7. «Barbados elects Mia Mottley as first woman PM», BBC News, 25. mai 2018. Lest 26. mai 2018.

BakgrunnsstoffEndra

  Commons har multimedium som gjeld: Mia Mottley