Michael Greis (fødd 18. august 1976 i Füssen i Bayern i Tyskland) er ein tysk skiskyttar. Han bur i Nesselwang, ikkje langt frå Ruhpolding. Greis er olympisk meister på 20 km, fellesstart og stafett frå OL i Torino i 2006.

Michael Greis


Statsborgarskap Tyskland
Fødd 18. august 1976 (47 år)
Füssen
Idrett skiskyting
Tok del i

Vinter-OL 2010, Vinter-OL 2002, biathlon at the 2006 Winter Olympics – men's individual, Skiskyting under Vinter-OL 2006 – Fellesstart menn, biathlon at the 2006 Winter Olympics – men's relay

Utmerkingar

Holmenkollmedaljen, Sportler des Jahres

Greis vart verdsmeister med det tyske stafettlaget i VM i Oberhof i 2004. I VM i Hochfilzen i 2005 tok han sølvmedalje på 20 km. Han vann sitt første verdscuprenn i Cesana San Sicario i februar 2005.

I OL i Torino i 2006 vart Greis ein av dei store profilane, då han vann gull på 20 km og fellesstart, og var med å vinna gull med det tyske stafettlaget.

I 2011 vart Michael Greis tildelt Holmenkollmedaljen.

Kortfatta merittliste endre

 
Michael Greis

(per 28. februar 2006)

Bakgrunnsstoff endre