Michael Leegaard

norsk politikar

Michael Nicolai Leegaard (1. mai 185923. mai 1936) var ein norsk ingeniør og Høgre-politikar. Han var stortingsrepresentant for Kristiania i perioden 1910-12.

Michael Leegaard

Fødd1. mai 1859
Larvik
Død23. mai 1936 (77 år)
Statsborgar avNoreg
PartiHøgre
Yrkepolitikar, ingeniør
Alle verv

Leegaard var fødd i Larvik, far hans var distriktslege. Sjølv gjekk han 1874-77 Christiania tekniske skole. Dei neste fire åra fram til 1881 studerte han ved polyteknisk skule i Dresden, tok då diplomeksamen. 1881-82 var han tilsett i Statens hamnevesen, deretter arbeidde han to år i Frankrike og eit år i England. Sidan arbeidde han i Statens hamnevesen frå 1885 til 1931. Han var avdelingsingeniør frå 1892. Leegaard leia arbeidet ved bygginga av ei rekke hamner, kanalar og sluser. Han reiste på fleire studiereiser utanlands, mellom anna til Tyskland, Frankrike, England, US-Amerika.

Leegaard var aktiv i organisasjonslivet, han var mellom anna formann for Den Norske Ingeniørforening 1912-15. Han var ein av initiativtakarane til Norsk Teknisk Museum, og var medlem av styret og formann 1920-34.

Valperioden 1913-15 representerte han Uranienborg krins på Stortinget. På tinget var han formann i sosialkomiteen.

Leegaard vart utnemnd til riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden i 1932.

Kjelder endre

  • Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914

Bakgrunnsstoff endre