Denne artikkelen handlar om rabbinaren Michael Lerner. For andre personar med same namn, sjå Michael Lerner (fleirtyding).

Michael Lerner er ein Jewish Renewal-rabbinar, politisk aktivist og redaktør av det venstreorienterte tidsskriftet Tikkun. Han var leiaren av den vidkjende anti-Vietnamkriggruppa Seattle Liberation Front (òg kjend som «The Seattle Seven»). Dei høgprofilerte og politisk svært venstreorienterte synspunkta hans blir oppfatta som svært kontroversielle av mange innanfor meir høgreorienterte jødiske krinsar. I samband med dette blir ofte statusen hans som rabbinar trekt i tvil, sjølv om han fekk denne ved semikhá (personleg ordinasjon) frå rabbinar Zalman Schachter-Shalomi — ein rabbinar med semikhá frå Chabadrørsla.

Michael Lerner

Statsborgarskap USA
Fødd 7. februar 1943 (81 år)
Newark
Yrke rabbinar
Språk engelsk
Religion Jødedommen
Michael Lerner på Commons

Religiøst syn endre

I jødisk meinigheitssamanheng er Lerner talsmann for Jewish Renewal-rørsla — ei rørsle han skildrar som «positiv jødedom» som avviser «etnosentriske» haldningar som han hevdar er utbreidde i andre jødiske grupper. Publikasjonane hans talar for «ei ansvarleg haldning til verda» blant jødar, muslimar og kristne.

Politisk syn endre

Syn på sionismen endre

Lerner er erklært sionist, men har kritisert sterkt visse aspekt av den mest konvensjonelle politiske sionismen. Han meiner at denne i for stor grad byggjer på jødisk nasjonalisme gjennom å nekte palestinarane si historie til fordel for arbeidet for ein sterk jødisk stat. Mange politiske sionistar reknar Lerner som ein antisionist.

Lerner og the Tikkun Community er mot israelsk kontroll over Gaza og Vestbreidda; dei meiner at Israel bør vera heimlandet for både jødar og palestinarar i ein felles einskapsstat — det vil seie at alle palestinarar ville få israelsk statsborgarskap. Dette ville føre til eit palestinsk fleirtal, og kritikarane hans peiker på at dette ville øydeleggje moglegheita for Israel å eksistere som verdas einaste jødiske stat. Inntil ein slik einskapsstat blir politisk mogleg, støttar Lerner tostatsløysinga Israel/Palestina.

Syn på venstre-antisemittisme endre

Lerner har òg uttalt seg svært kritisk om venstreorienterte antikrigsgrupper der det frå 1980-åra av har vorte stadig vanlegare med ope antisemittiske talemåtar, påstandar og krav. Nyleg kritiserte Lerner den nystalinistiske gruppa International ANSWER og hevda at avgjersla deira om å nekte han å tala under demonstrasjonane deira mot invasjonen av Irak i 2003 kom av at han er ein erklært talsmann for eksistensretten til Israel.

Bibliografi endre

  • 1994Jewish Renewal: A Path to Healing and Transformation. Putnam Adult, 1994. ISBN 0-399-13980-X (ib.)
  • 1997Health, Healing and Beyond : Yoga and the Living Tradition of Krishnamacharya. Aperture, 1997. ISBN 0-89381-731-7 (ib.)
  • 2000Spirit Matters. Walsch Books, 2000. ISBN 1-57174-195-X (ib.)
  • 2003Healing Israel/Palestine: A Path to Peace and Reconciliation. North Atlantic Books, 2003. ISBN 1-55643-484-7 (hf.)
  • 2006Left Hand of God, The : Taking Back Our Country from the Religious Right. HarperSanFrancisco 2006. ISBN 0-06-084247-4 (ib.)

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre