Michael Luytkis
norsk prest
Michael Nissen Luytkis (1766–21. januar 1827) var ein norsk prest og stortingsmann frå Trondheim.
Michael Luytkis | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 6. november 1766 Trondheim |
Død |
21. januar 1827 (60 år) |
Yrke | prest, politikar |
Språk | norsk |
Religion | Den evangelisk-lutherske kyrkja |
Luytkis var son til ein skipper. Han vart student frå katedralskulen i Trondheim i 1786 og cand. theol. fem år seinare. I 1793 vart han residerande kapellan i Nærøy, deretter sokneprest i Kolvereid 1797-1824. Frå 1824 var han sokneprest i Skogn, der han døydde etter berre tre år.
Luytkis var 3. representant frå Nordre Trondhjems amt på Stortinget 1818. Han var medlem av 14 komitear. Fleire av komiteane gjaldt tilhøve kring skule og kyrkje.
Kjelder
endre- Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
- Biografisk informasjon om Michael Luytkis NSD Norsk senter for forskningsdatas politikararkiv