Opna hovudmenyen

Michael «Mike» Stewart (19. april 194513. november 2002) var ein amerikansk gitarist og originalt medlem i We Five. Han var bror til John Stewart (1939–2008), som var medlem av The Kingston Trio og seinare ein populær songar og låtskrivar. Han var far til Jamie Stewart, forntmann i den avantgarde gruppa Xiu Xiu. Stewart vart etter kvart ein suksessrik plateprodusent, og ein av dei største suksessane hans var Billy Joel-albumet Piano Man i 1973.

Michael Stewart
Fødd19. april 1945
Død13. november 2002
OpphavUSA
Instrumentgitar
Verka sommusikkprodusent, komponist

Han forlét musikkindustrien i 1990-åra og vart ein programmerar. Han spelte seinare bass i sonen sitt The Indestructible Beat of Palo Alto (IBOPA).[1]

Stewart døydde 13. november 2002 etter det som vart rapportert som lang tids sjukdom.[2] Sonen Jamie Stewart har sidan fortalt at faren tok sjølvmord.[3]

KjelderEndra

  1. Espe, Erik (May 31, 1996), «They got the Beat», Palo Alto Weekly, henta 28. august 2014 
  2. «Michael Stewart». Variety. November 18, 2002. 
  3. «Jamie Stewart: Where Xiu Xiu's New Album 'Always' Really Came From». Huffington Post. March 29, 2012. Henta 28. august 2014.