Michel Kafando (fødd 18. august 1942) er overganspresident i Burkina Faso sidan november 2014.[1] Han er ein tidlegare diplomat og minister som var SN-ambassadør for frå 1998 til 2011 og utanriksminister for Øvre Volta (dagens Burkina Faso) frå 1982 til 1983.[2]

Michel Kafando

Fødd18. august 1942 (81 år)
Ouagadougou
Statsborgar avBurkina Faso
Partipartilaus
Yrkepolitikar, diplomat
Utdanna vedSciences Po
Université de Bordeaux
Alle verv
  • Burkina Fasos president (2014–2015)
  • Burkina Fasos president (2015–2015)
  • Minister of Foreign Affairs of Burkina Faso (2014–2015) Sjå dette på Wikidata

Etter at president Blaise Compaoré gjekk av som følgje av massedemonstrasjonar 31. oktober 2014 blei Kafando vald til overganspresident i eit år fram til presidentvalet. Han blei teken i eid 18. november 2014.

Kafando er fødd i Ouagadougou. Han har ein bachelorgrad i juss frå Universitetet i Bordeaux frå 1969, eit diplom i statsvitskap frå Paris og eit frå Institut de hautes études internationales et du développement (IHEID) i Génève, begge frå 1972. I 1990 tok han doktorgrad i statsvitskap ved Sorbonne. Han er gift og har eit barn.[2]

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre