Mick Gallagher
Michael William «Mick» Gallagher (fødd 29. oktober 1945) er ein britisk hammondorgel-spelar og best kjend som medlem av Ian Dury and the Blockheads[1] and og for bidraga sine til to album av the Clash. Han har òg skrive musikk for filmar som Extremes (1971) og After Midnight (1990), samt Broadway-stykket Serious Money (1988).
Mick Gallagher | |||
Gallagher på turne med «Animals and Friends» Frankrike 2008. | |||
Fødd | 29. oktober 1945 (79 år) Newcastle upon Tyne i England | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Newcastle upon Tyne | ||
Fødenamn | Michael William Gallagher | ||
Alias | Mickey Gallagher | ||
Opphav | England | ||
Aktiv | 1965 til i dag | ||
Sjanger | Rock, punkrock, reggae, rock and roll | ||
Instrument | Klaverinstrument og piano | ||
Kjende instrument | Hammondorgel | ||
Tilknytte artistar | Ian Dury, Blockheads, The Animals, Skip Bifferty, Peter Frampton, Cochise, Topper Headon, The Clash, Arc, The Animals and Friends, Loving Awareness, The Chosen Few | ||
Verka som | Musikar, låtskrivar |
Biografi
endreMick Gallagher starta karrieren sin med The Unknowns. Han spelte med the Animals i 1965, og erstatta då Alan Price. Han gjekk så vidare og starta The Chosen Few, der han spelte i lag med Alan Hull, som seinare starta Lindisfarne. Andre musikarar han var knytt til var Skip Bifferty, Peter Frampton's Camel og Cochise.[2]
Han vart så medlem av Ian Dury and The Blockheads. Han spelte på to av dei mest innverknadsrike albuma til The Clash, London Calling (1979) og Sandinista! (1980),[3] og spelte konsertar med bandet. Han spelte òg på det siste albumet deira, Cut the Crap (1985), men står ikkje oppført i omslaget for dette.
Gallagher arbeidde med Clash-trommslagar Topper Headon igjen då dei spelte inn Headon sitt Waking Up (1986), i lag med Bobby Tench og Jimmy Helms. Han har òg spelt med Paul McCartney, Robbie Williams, Dave Stewart og Annie Lennox. I nyare år har han spelt med The Blockheads og John Steel sitt The Animals and Friends.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Mick Gallagher» frå Wikipedia på engelsk, den 14. desember 2011.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ «Mick Gallagher biography». theblockheads.com. Arkivert frå originalen 9. mai 2008. Henta 26 March 2008.
- ↑ «Mick Gallagher». allmusic.com. Henta 15. desember 2011.
- ↑ «Clash albums». allmusic.com. Henta 15. desember 2011.