Annie Lennox

skotsk songar

Annie Lennox (fødd 25. desember 1954) er ein skotsk songar, musikar og aktivist frå Aberdeen. Ho er kjend både som halvparten av duoen Eurythmics, og frå sin eigen solokarriere.

Annie Lennox

Statsborgarskap Storbritannia
Fødd 25. desember 1954 (69 år)
Aberdeen
Yrke songar, låtskrivar, plateartist, musikkvideoregissør, songar-låtskrivar, HIV/AIDS activist
Språk engelsk
Medlem av Eurythmics, Royal Society of Edinburgh
Ektefelle Mitchell Besser
Nettstad http://www.annielennox.com
Annie Lennox på Commons

Biografi endre

Oppvekst og Eurythmics endre

Annie Lennox voks opp som einebarn i Aberdeen. Foreldra hadde ikkje godt betalte jobbar, men gav dottera pianotimar allereie frå ho var sju år gamal. Ho viste også tidleg interesse for song, og som niåring kom ho på andreplass for eit songnummer i ein talentiade på sommarleir.

På 1970-talet kom ho inn på Royal Academy of Music, der ho studerte fløyte i tre år medan ho tok småjobbar på sida. Ho starta også å spela i små band, og etter at ho møtte David A. Stewart på ein restaurant i London 1975, blei dei begge med i pønkebandet The Catch som snart skifta namn til The Tourists. The Tourists vart oppløyst i 1980, då Lennox og Stewart gjekk saman i duoen Eurythmics. Lennox var vokalist og frontfigur i Eurythmics, og opplevde stor suksess med bandet. I tida frå 1981 til 1989 gav duoen ut åtte album, og dei fekk store hits med «Sweet Dreams (Are Made Of This)» og «Here Comes the Rain Again». Frontfiguren Lennox hamna på framsida av musikkmagasinet Rolling Stone.

 
Annie Lennox opptrer med Eurythmics i Drammen i 1986 på turné.

Frå 1984 til 1985 hadde Lennox eit kortvarig ekteskap med ein tyskar. I 1988 gifte ho seg opp att med den israelske film- og plateprodusenten Uri Fruchtmann. Dei fekk ein son same året, men dødfødd. Rundt 1990 skilde Lennox lag med Eurythmics-partneren David A. Stewart. Same året vart ho mor for fyrste gong, og trekte seg tilbake frå musikklivet ei stund. Fruchtmann og Lennox har i dag to døtrer saman, men skildest i 2000.

Soloartist endre

I 1992 debuterte Annie Lennox som soloartist med albumet Diva, som selde betre enn noko Eurythmics-album hadde gjort. Berre i Storbritannia selde det over 1,2 millionar eksemplar, og ho fekk fleire prisar for det. Singelen «Precious» kom frå dette albumet, og vart også populær i Noreg.

Oppfylgjaren Medusa kom i 1995, og bestod av coverlåtar som opphavleg vart innspelt av mannlege artistar, t.d. Bob Marley og The Clash. Likevel selde også dette albumet svært godt, og singelen «No More I Love You's» vart ein stor hit som skaffa Lennox ein Grammy. Same året song Lennox inn ein stor del av filmmusikken til filmen Apollo 13. Songen hennar var utan tekst.

I 1997 laga Lennox ei nyinnspeling av Eurythmics-låta «Angel» til minneplata for Prinsesse Diana. Rundt denne tida starta Lennox å laga musikk med David A. Stewart att, og dei gav ut Eurythmics sitt niande studioalbum, Peace, i 1999. Fire år seinare gav Lennox ut sitt tredje studioalbum, som fekk tittelen Bare. Det selde nokså bra i Storbritannia, og er det Lennox-albumet som har seld best i USA.

I 2004 bidrog Lennox på filmmusikken til den siste Ringenes Herre-filmen; Ringenes Herre: Atter en konge. Songen hennar, «Into the West», blir spelt når rulleteksten startar heilt på slutten av filmen. Songen vart komponert saman med filmmusikkomponisten Howard Shore, samt Fran Walsh, og på innspelinga syng ho saman med orkesteret til Shore. Songen «Into the West» vann heile tre prisar: Oscar-prisen for beste song, Golden Globe-prisen og Grammy-prisen. Same året reiste ho på turné i Nord-Amerika saman med Sting.

Veldedig arbeid endre

 
Annie Lennox demonstrerer i Hyde Park i januar 2009 mot Gaza-krigen.

I juli 2005 deltok Annie Lennox på veldedighetskonserten Live 8 i Hyde Park i London, saman med ei rekkje kjende artistar. Same året gav Eurythmics ut samlealbumet Ultimate Collection, og Lennox og Stewart spelte inn to nye songar til dette. Etter dette har ikkje Eurythmics gjeve ut noko meir som band.

Annie Lennox sitt fjerde soloalbum frå 2007 skilde seg kraftig ut frå dei tre førre. Det fekk tittelen Songs of Mass Destruction; eit mørkt album ifylgje henne sjølv, fordi verda er ein mørk stad. På ein av songane på plata, «Sing», samarbeidde ho med heile 23 andre kvinnelege artistar. Nokre av desse er Antastacia, Celine Dion, Angelique Kidjo, Madonna, P!nk, Kelis, Joss Stone og Shakira. Songen vart spelt inn for å samla inn pengar til HIV/AIDS-kampanjen Treatment Action Campaign. Etter utgjevinga av plata, reiste Lennox på Nordamerika-turnéen Annie Lennox Sings. Organisasjonen The SING Campaign vart skipa same året, og har som mål å samla inn til arbeid med HIV/AIDS. I desember 2007 opptrådte ho også på Nobelkonserten i Oslo.

I januar 2009 leidde Annie Lennox ein kampanje i London mot krigen mellom Israel og Gaza. Same året kom ho i media sitt søkeljos då ho opna den politiske festivalen i Edinburgh. Her kritiserte ho ope Pave Benedikt XVI for at han ikkje tilrådde kondomar til å førebyggja HIV/AIDS då han vitja Afrika. Lennox skulda han for å ha skapt forvirring på kontinentet på grunn av dette.

Seinare i 2009 gav ho ut samlealbumet The Annie Lennox Collection. Dette kom på andreplass på den britiske albumlista, og heldt seg blant dei ti mestseljande albuma i sju veker. I 2010 hadde ho skift plateselskap, og gav ut jolealbumet A Christmas Cornucopia, som så langt er det siste studioalbumet ho har gjeve ut.

I februar 2011 vart Annie Lennox gjeven tittelen Officer of the Order of the British Empire av Dronning Elizabeth.

Diskografi som soloartist endre

  • 1992: Diva
  • 1995: Medusa
  • 2003: Bare
  • 2007: Songs of Mass Destruction
  • 2009: The Annie Lennox Collection
  • 2010: A Christmas Cornucopia

Prisar og utmerkingar som soloartist endre

I tillegg har Annie Lennox fått 8 BRIT Awards i klassane Beste britiske kvinnelege artist og Beste britiske album. Ho har fleire prisar saman med Eurythmics, og talrike heiderstitlar.

Kjelder endre