Mick Pointer
Mick Pointer (fødd 22. juli 1956) er ein engelsk trommeslager som er kjend som originalmedlem av Marillion, som han var med å starte i 1979, og som medlem i progressiv rock-bandet Arena, som han starta i 1995.
Mick Pointer | |||
Mick Pionter i 2009 | |||
Fødd | 22. juli 1956 (68 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Brill | ||
Opphav | Storbritannia | ||
Aktiv | 1976– | ||
Sjanger | progressiv rock, rock | ||
Instrument | trommer | ||
Verka som | musikar, låtskrivar |
Pointer medverka på debutalbumet til Marillion, Script for a Jester's Tear, før han slutta i bandet i 1983. Han har òg spelt fleire konsertar under namnet Mick Pointer's Marillion, der Pointer er einaste medlem med tilknyting til Marillion. Bandet spelte mellom anna heile albumet Script for a Jester's Tear i 2008 for å markere 25-årsjubileet til albumet. Dette bandet heldt fram å turnere i Europa i 2009 og 2010 med det dei kalla Script for a Jester' Tour.
Diskografi
endreMed Marillion
endreMed Arena
endreKjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Mick Pointer» frå Wikipedia på bokmål, den 10. september 2012.