Opna hovudmenyen

Michael Timothy Curry (fødd 10. juni 1956) er ein amerikansk trommeslagar. Han er mest kjend for eit langvarig samarbeid med musikaren Bryan Adams, men har òg arbeidd med Hall & Oates, Cher, Tina Turner, Alice Cooper, David Bowie, Elvis Costello, Sam Phillips, Tom Waits, The Cult, Steve Jones og andre musikarar.

Mickey Curry
Bryan Adams Guadalajara 2006 dsc02703.jpg
Fødd10. juni 1956 (63 år)
FødestadNew Haven
FødenamnMichael Timothy Curry
OpphavUSA
Aktiv1973 til i dag
Sjangerrock
Instrumenttrommesett
Tilknytte artistarBryan Adams, Hall & Oates, The Fontanas
Verka somrocketrommis, skodespelar
Mickey Curry som nummer 2 frå høgre.

BiografiEndra

Han spelte i mange lokale band i Connecticut fram til kring 1980, då han byrja å arbeide i forskjellige studio i New York. På Manhattan vart han med i eit band kalla Tom Dickie and the Desires. Manageren deira var Tommy Mottola, som òg var manager for Hall & Oates. Mottala likte arbeidet til Curry og bad han med på innspelinga av Hall & Oates-albumet Private Eyes.[1]

Omkring same tid møtte Curry produsenten Bob Clearmountain, som nettopp hadde byrja å arbeide med ein ung Bryan Adams. Kort tid etter spelte Curry på det andre albumet til Adams, You Want It You Got It. Han turnerte med Hall & Oates i fleire år og spelte på fleire studioalbum med Adams. Frå 1986 turnerte han òg fast med Adams. Curry har spelt på nesten alle albuma til Adams.[1]

I tillegg til Bryan ADams har Curry spelt med andre artistar, som Jude Cole og The Cult.

KjelderEndra

  1. 1,0 1,1 «Bio Section». Mickeycurry.com. 4. september 2009. Henta 6. mars 2015. 

BakgrunnsstoffEndra