Opna hovudmenyen

Mickey Finn eller stundom Micky Finn (fødd Michael Norman Finn3. juni 194711. januar 2003) var perkusjonist og sidemannen til Marc Bolan i bandet hans Tyrannosaurus Rex (på eitt album, A Beard of Stars), og seinare glamrockgruppa T. Rex. Etter at T. Rex vart oppløyst arbeidde han som studiomusikar for The Blow Monkeys og The Soup Dragons.

Mickey Finn
Mickey Finn T Rex.jpg
Finn spelar med T Rex i Musikhalle Hamburg, januar 1972
Fødd3. juni 1947
Thornton Heath i Surrey
FødestadThornton Heath
Død11. januar 2003 (55 år)
Croydon i Surrey
DødsstadCroydon
FødenamnMichael Norman Finn
OpphavStorbritannia
Aktiv1970–2003
SjangerPsykedelisk folk, glamrock
InstrumentBongotrommer, conga, trommer, bass, vokal
Tilknytte artistarT. Rex
Hapshash and the Coloured Coat
Mickey Finn's T. Rex
The Blow Monkeys
The Soup Dragons
PlateselskapFly Records/Reprise, EMI, Casablanca, Demon Music Group, Track
Verka somMusikar

Det gjekk rykte om at Bolan hyrte Finn på grunn av utsjånaden hans og at han likte motorsykkelen hans, og ikkje at han var ein dyktig musikar. Finn klarte ikkje å gjenskape dei komplekse rytmane som føregjengaren Steve Peregrin Took hadde. BBC kommenterte dette og sa: «Marc Bolan skal visstnok ha sagt om Finn: 'Han kan ikkje synge... men han ser flott ut.'»[1]

Etter kvart som musikken til T. Rex vart meir og meir elektrisk-basert, og dei trong ein «skikkeleg» trommeslagar, Bill Legend, vart det ikkje lenge trong for bongotrommene til Mickey og han forlet bandet etter fem år.[1]

Finn døydde av alkoholrelaterte leverproblem den 11. januar 2003.

KjelderEndra

  1. 1,0 1,1 «T Rex band member dies». BBC news entertainment section. BBC news MMIII. 13 January 2003. Henta 31. mars 2011.