The Soup Dragons er eit skotsk alternativt rockeband frå slutten av 1980-talet og byrjinga av 1990-talet. Det har namn etter ein figur i barne-TV-serien Clangers frå 1970-talet. Gruppa er best kjend for coverversjonen sin av Rolling Stones sin song «I'm Free», som var ein Topp 5-hitt i Storbritannia i 1990; og «Divine Thing», ein Topp 40-hitt i USA i 1992.

The Soup Dragons
Aktiv1985–1995, 2023
Sjangerindierock
PlateselskapThe Subway Organization

Historie

endre

Soup Dragons blei danna i Bellshill, ein by nær Motherwell, i 1985.[1] Medlemmane var Sean Dickson (vokal, hovudgitar) (fødd 1966), Jim McCulloch (gitar, andrestemme) som erstatta Ian Whitehall, og Sushil K. Dade (bass, fødd 1966 i Glasgow). Den opphavlege trommeslageren Ross A. Sinclair (fødd 1966 i Bearsden i Glasgow) forlet gruppa etter det fyrste albumet, This Is Our Art, for å følgja ein karriere i kunst, og han blei erstatta av Paul Quinn (fødd 9. august 1963). Dei fleste songane deira var skrivne av Sean Dickson.

The Soup Dragons blei oppløyst i 1995.[2] Paul Quinn blei med i Teenage Fanclub. Sushil K. Dade danna den eksperimentelle postrock-gruppa Future Pilot A.K.A. og blei seinare produsent for BBC Radio 3.[3] Sean Dickson skipa The High Fidelity og har gjeve ut mange album med andre kunstnarar som Bootsy Collins, Yoko Ono, Crystal Waters og David McAlmont.[4] Jim McCulloch blei med i Superstar, skreiv og spela inn musikk saman med Isobel Campbell, og danna folk-gruppa Snowgoose. [5][6] Ross A. Sinclair hadde ei vellykka karriere innen kunst, og vann ei rekkje internasjonale prisar.[7]

Liste over album, med utvalde plasseringar
Tittel Detaljar Topplasseringar
UK

[8]
AUS

[9]
NZ

[10]
US

This Is Our Art
  • Gjeve ut: 1988
  • Format: LP, CD, kassett
  • Selskap: Sire
60
Lovegod
  • Gjeve ut: 1990
  • Format: LP, CD, kassett
  • Selskap: Big Life
7 54 27 88
Hotwired
  • Gjeve ut: 1992
  • Format: LP, CD, kassett
  • Selskap: Sire
74 97
Hydrophonic
  • Gjeve ut: 1994
  • Format: 2×LP, CD, kassett
  • Selskap: Sire

Kjelder

endre
  1. Thompson, Dave (2000) Alternative Rock, Miller Freeman, San Francisco, ISBN 0879306076, p.646-647
  2. «I'm Free by The Soup Dragons» (på engelsk). Henta 21. juni 2020. «The band split in 1995.» 
  3. «BBC Blogs - BBC Radio 3 - Sushil K Dade» (på engelsk). Henta 14. juni 2017. 
  4. «Hifi Sean: 'I was consumed with guilt because I'd hurt people'». Henta 21 June 2021. 
  5. «Patricia Fleming Projects - A contemporary art gallery and studio based in Glasgow.». Henta 14. juni 2017. 
  6. «Ross Sinclair - Contemporary Art Society». Contemporary Art Society (på engelsk). Henta 14. juni 2017. 
  7. «Ross Sinclair - Contemporary Art Society». Contemporary Art Society (på engelsk). Henta 14. juni 2017. 
  8. Roberts, David (2006). British Hit Singles & Albums (19th utg.). London: Guinness World Records Limited. s. 516. ISBN 1-904994-10-5. 
  9. Ryan, Gavin (2011). Australia's Music Charts 1988–2010 (PDF utg.). Mt Martha, Victoria, Australia: Moonlight Publishing. s. 261. 
  10. «Soup Dragons Lovegod New Zealand Charting». charts.nz. Hung Medien. Henta 20. juli 2010.