Denne artikkelen handlar om rockebandet. For dinosauren, sjå Tyrannosaurus rex.

T. Rex var eit britisk rockeband fronta av gitaristen, songaren og låtskrivaren Marc Bolan. Gruppa vart danna som Tyrannosaurus Rex i 1960-åra i London som ei folkrockgruppe. I 1968 spelte ho inn debutalbumet sitt My People Were Fair and Had Sky in Their Hair... But Now They're Content to Wear Stars on Their Brows, som nådde 15. plass i Storbritannia. I 1970-åra vart dei eit populært glamrockband med hittar som «Jeepster», «Get It On», «Ride a White Swan», «20th Century Boy», «Children of the Revolution», «Hot Love», «Telegram Sam» og «Metal Guru». Etter fallande suksess på midten av 70-åra vart T. Rex oppløyst i 1977 då Bolan omkom i ei bilulukke.

T. Rex
AliasTyrannosaurus Rex
OpphavLondon i England
Aktiv1967–1977
SjangerGlamrock, folkrock
PlateselskapReprise, Relativity, Polygram, T. Rex, Regal Zonophone, Fly, Spectra
Tidlegare medlemmerMarc Bolan
Steve Peregrin Took
Mickey Finn
Bill Legend
Steve Currie
Herbie Flowers
Dino Dines
Tony Newman
Jack Green
Gloria Jones
Davy Lutton
Miller Anderson
PrisarRock and Roll Hall of Fame

Historie endre

Starten og folke-tida endre

Marc Bolan starta Tyrannosaurus Rex i august 1967. Etter ein enkelt konsert som firemannsband i Electric Garden i Covent Garden vart gruppa oppløyst. Bolan beheldt perkusjonisten Steve Peregrin Took og duetten starta å spele akustiske songar og stundom songar av Gene Vincent og Eddie Cochran. Kombinasjonen av den akustiske gitaren og den særeigne vokalen til Bolan og bongotrommene og dei andre perkusjonsinstrumenta til Took, som ofte omfatta barneinstrument som Pixiphone, gav dei ein fast tilhengjarskare i det blømande undergrunnsmiljøet. BBC Radio One-vert John Peel forfekta bandet tidleg i platekarrieren deira.[1] Peel dukka seinare opp på plater med dei, og las historier skriven av Bolan. Ein annan viktig samarbeidspartnar var produsent Tony Visconti, som produserte albuma i glamrock-fasen deira.[2]

I 1968 hadde Tyrannosaurus Rex vorte ein moderat suksess på radio og på plate, og hadde gjeve ut tre album. Sjølv om dei tidlegare songane til Bolan var rock and roll-aktig folk, hadde han no starta å skrive dramatiske og barokke songar med svulstige melodiar og surrealistiske tekstar fylt med gresk og persisk mytologi, samt tekstar av han sjølv. Bandet vart faste innslag på Peel Sessions på BBC radio, og turnerte studentstader i Storbritannia.[3]

I 1969 hadde dei to halvdelane i Tyrannosaurus Rex byrja å slitta seg. Bolan og kjærasten June Child levde eit roleg liv, medan Took hadde teke til seg den anti-kommersielle/samfunnsmedvitne/dopbrukande haldninga til den britiske undergrunnen rundt Ladbroke Grove. Took var òg tiltrekt anarkistiske element som Mick Farren/The Deviants og medlemmar av Pink Fairies sin Rock 'n' Roll and Drinking Club.[4]

Took spelte så og skreiv to songar for Twink-albumet Think Pink, og byrja å skrive sin eigne songar, som han ønskte at duetten skulle spele. Bolan var derimot misnøgd med det Took tok føre seg. Samarbeidet med Took enda etter Unicorn, sjølv om dei var kontraktbunden til å gjere ein turne i USA, som var nederlagsdømd lenge før han kom i gang. Han var dårleg marknadsført og planlagt, og den akustiske duetten vart totalt overskugga av dei elektriske artistane dei spelte i lag med. For å imøtekome dette vart Took inspirert av sjokkrock-stilen til Iggy Pop. Took forklarte, «eg tok av meg skjorta mi på Sunset Strip der me spelte og piska meg sjølv til alle heldt kjeft. Med eit belte, ser du, litt blod og heile Los Angeles heldt kjeft. 'Kva er det som skjer? Det er ein galning som angrip seg sjølv på scenen' Eg meiner, Iggy Stooge gjorde det same.»[4]

Så snart han kom attende til Storbritannia, erstatta Bolan Took med perkusjonist Mickey Finn.[2] Dei laga A Beard of Stars, det siste albumet som Tyrannosaurus Rex. I motsetnad til Took, hadde ikkje Finn planar om skrive eigne songar. Tony Visconti kommenterte at han ikkje var like talentfull som Took: «Mickey var ikkje like oppfinnsam som Steve. Korvokalen til Mickey var ikkje like sterk, så Mark song på doble spor på innspelingane for å vokalen mektigare.»[5]

Glamrock og kommersiell suksess endre

I tillegg til kortare og kortare titlar, byrja albuma til Tyrannosaurus Rex å syne til høgare produksjonsverdiar og meir tilgjengelege songar av Bolan. Han eksperimenterte òg med elektriske gitarar og ein skikkeleg rockestil.[6] Gjennombrotet var «King of the Rumbling Spires» (spelt inn med Took), som nyttar eit fullt rockeband. Det neste albumet til bandet, T. Rex, vart gjeven ut under det kortare namnet og Bolan nytta no berre elektrisk gitar.[6] Visconti var visstnok lei av å skrive heile namnet på studiopapir og lydband, og byrja å korte det ned. Då Bolan først såg det vart han sint, men hevda seinare at det hans eigen ide. Den nye stilen var meir pop-orientert, og den første singelen, «Ride a White Swan» nådde andreplassen i Storbritannia seint i 1970. Tidleg i 1971 nådde T. Rex Topp 20 på den britiske albumlista.

«Ride a White Swan» vart raskt følgd opp av den andre singelen «Hot Love»—som gjekk heilt til topps i Storbritannia og vart liggande der i seks veker. Eit fullt band, med bassist Steve Currie og trommeslagar Bill Legend, vart danna for å turnere for større publikum, då tenåringar byrja å erstatta dei gamle hippiane.[2] Då Chelita Secunda at plasserte to flekkar med glitter under augo til Bolan før ei framføring på Top of the Pops, vart denne framferda ofte rekna som den offisielle starten på glamrock. Etter dette vart glamrock særs populært i Storbritannia og europa i løpet av 1971 og 1972. Samstundes med at T. Rex gjekk over til elektriske gitarar, vart tekstane og stilen til Bolan meir seksuelt ladd. Det nye imaget til gruppa og ein meir opprørsk stil førte til at eldre hippie-tilhengjarar meinte at han «selt seg». Noko av tekstinnhaldet frå tida som Tyrannosaurus Rex var verande att, men eventyra om trollmenn og magi vart no ispedd sanselege rytmar, med mange ville stønn og antydingar.

I september 1971 gav T. Rex ut det andre albumet Electric Warrior, med Currie og Legend. Det vert ofte rekna som det beste albumet deira og vart ein stor kommersiell suksess. Publisisten BP Fallon kalla det «T. Rextasy» som ein parallell til Beatlemania for å skildre populariteten til bandet. Albumet inneheldt den mest kjende songen til T. Rex, «Get It On», som nådde førsteplassen i Storbritannia. I januar 1972 gjekk han òg inn på Topp 10 i USA, der songen vart kalla «Bang a Gong (Get It On)» for at han ikkje skulle forvekslast med ein song frå 1971 av gruppa Chase. I lag med innspelingane til David Bowie var «Get It On» ein av dei få britiske glamrocksongane som var populære i USA.[7] Det var framleis spor av dei akustiske røtene til Bolan på albumet med balladar som «Cosmic Dancer» og den nakne «Girl». Kort tid etter forlet Bolan Fly Records. Selskapet gav ut «Jeepster» som singel utan løyve. Bolan signerte så for EMI, der han fekk sitt eige plateselskap i Storbritannia, —T. Rex Records, «T. Rex Wax Co.».

Den 18. mars 1972 spelte T. Rex to konsertar i Empire Pool i Wembley som vart filma av Ringo Starr og mannskapet hans for Apple Films. Ein stor del av det andre showet vart ein del av Bolan sin egen rockefilm, Born to Boogie, medan delar av det første showet vert vist over rulleteksten til filmen. I tillegg til T. Rex og Starr, er òg Elton John, som jammar med vener på rocka studioversjonar av «Children of the Revolution» og «Tutti Frutti» i Born to Boogie ". Elton John hadde spelt på fjernsyn med Bolan før, der han mima pianodelen på «Get it On» på ei juleutgåve av Top of the Pops i 1971.

Det tredje albumet til T. Rex, The Slider, kom ut i juli 1972. Det var det mest suksessrike albumet deira i USA, men var ikkje like populært som føregangaren i Storbritannia, der det nådde 4. plas. Våren og sommaren 1972 gav det gamle selskapet til Bolan, Fly, ut samlealbumet Bolan Boogie som gjekk heilt til topps på albumlista i Storbritannia. Det var ei samling av singlar, B-sidar og albumspor, som påverka salet til The Slider. To singlar frå The Slider, «Telegram Sam» og «Metal Guru», gjekk begge til topps i Storbritannia. Born to Boogie hadde premiere på Oscar One i London i desember 1972. Filmen fekk negativ respons frå kritikarane, men vart elska av tilhengjarane.

Nedgang og foryning endre

Tanx (1973) markerte slutten på den klassiske T. Rex-besetninga. Det var eit album med rik produksjon og melankolske balladar. Det bestod av T. Rex-stilen med ekstra instrument som mellotron og saksofon i tillegg. I løpet av innspeling byrja medlemmane av T. Rex å gje seg, først Bill Legend i november 1973. Legend likte ikkje den stadig meir egoistiske haldninga til Bolan og var lei suksess, pengar, kokain og brandy.

Zinc Alloy and the Hidden Riders of Tomorrow kom ut 1. februar 1974, og nådde 12. plass i Storbritannia. Albumet minna om dagane med Tyrannosaurus Rex med lange songtitlar og kompliserte tekstar, men vart ikkje ein kritikarsuksess. T. Rex hadde no utvida besetninga med ein andregitarist Jack Green og BJ Cole på pedalsteel. Like etter albumet kom ut, gjekk Bolan og produsent Tony Visconti frå kvarandre. Og så i desember 1974, forlet òg Mickey Finn T. Rex.

Bolan's Zip Gun (1975) vart produsert av Bolan sjølv, som i tillegg til å skrive songane, gav musikken ein hardare og meir futuristisk glans. Den siste songen spelt inn med Visconti, «Till Dawn», vart spelt inn på ny for Bolan's Zip Gun med Bolan ved kontrollane. Produksjonen til Bolan vart ikkje særleg godt motteken i musikkpressa. Ei blanding av Zinc Alloy og Zip Gun kom ut i USA som Light Of Love - Rolling Stone gav albumet ei av fem sttjerner, medan den britiske pressa hevda at T. Rex prøvde å kopiere Bowie sitt The Rise and Fall of Ziggy Stardust and the Spiders from Mars, sjølv om Bolan hadde snakka om å gje ut musikk under psevdonymet «Zinc Alloy» alt på midten av 1960-åra. Bolan hadde alltid vore ein fantast med eit påstått Napoleon-kompleks, og på denne tida vart Bolan stadig meir isolert. Dei høge skattane i Storbritannia dreiv han ut av landet til Monte Carlo og USA. Han var ikkje lenger vegetarianar og Bolan voks seg stor på hamburgarar og alkohol, og vart latterleggjort i musikkpressa.

Det nest siste albumet til T. Rex, Futuristic Dragon (1976), har ein schizofren produksjonsstil som varierte frå wall of sound-aktige songar til nostalgiske nikk til gamle T. Rex-boogiesongar. Det nådde berre 50. plass, men fekk betre kritikk enn det førre albumet. Det inneheldt òg singlane «New York City» som nådde 14. plass i Storbritannia og «Dreamy Lady» som nådde 30. plass. For å marknadsføre albumet, turnerte T. Rex i Storbritannia, og spelte på fjernsynsshow som Top of the Pops, Supersonic og Get It Together.

Sommaren 1976 gav T. Rex ut to singlar til, «I Love to Boogie» (som nådde 13. plass) og «Laser Love», som nådde 42. plass. Tidleg i 1977 kom Dandy in the Underworld ut til god kritikk. Bolan hadde slanka seg og fått tilbake den alveaktige utsjånaden, og songane var strippa ned med ein meir staumlinjeforma lyd. Han drog på turne våren 1977 i Storbritannia med punkbandet The Damned og fekk positiv tilbakemelding. Med aukande popularitet igjen, snakka han om å spele med Finn og Took, samt gå attende til produsent Tony Visconti.

Død endre

Marc Bolan og kjærasten Gloria Jones var kvelden 15. september 1977 ute og drakk i Speakeasy før dei åt middag på Morton's club på Berkeley Square, i Mayfair i London. Då dei køyrte heim seint på natta den 16. september, kræsja Jones bilen til Bolan i eit tre ved Barnes Bridge i Barnes, sørvest i London—om lag ein kilometer frå heimen i 142 Upper Richmond Road West. Jones vart alvorleg skadd, medan Bolan mista livet i ulukka, to veker før han fylte 30 år.[8][9]

Med Bolan død vart bandet oppløyst.

Påverknad endre

T. Rex hadde stor innverknad på glamrock, punkrock og Britpop. Mange moderne indieband spelar musikk som er kraftig påverka av glam-miljøet. The Who omtalte T. Rex i teksten på songen deira «You Better You Bet» i 1981. Dei tidlege akustiske songane var medverkande i utviklinga av progressiv rock og påverka visesongarar som kom etter.

Diskografi endre

Som Tyrannosaurus Rex
Som T. Rex

Medlemmar endre

Kjelder endre

  • Denne artikkelen bygger på «T. Rex (band)» frå Wikipedia på engelsk, den 30. mars 2011.
  • Paytress, Mark. "Marc Bolan: T. Rextasy". Mojo. Mai 2005.
  • Paytress, Mark. Bolan: The Rise and Fall of a 20th Century Superstar. Omnibus Press. 2003.
  • McLenehan, Cliff. Marc Bolan: 1947–1977 A Chronology. Helter Skelter Publishing. 2002.
  • Ewens, Carl. Born to Boogie: The Songwriting of Marc Bolan. Aureus Publishing. 2007.

Bakgrunnsstoff endre