Middar
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Underrike: Eumetazoa
Infrarike: Protostomia
Rekkje: Leddyr Arthropoda
Underrekkje: Chelicerata
Klasse: Edderkoppdyr Arachnida
Underklasse: Middar Acari
Leach, 1817

Middar (Acari eller Acarina) er ei samlekjenning for ei rekkje små araknidar over heile verda. Gruppa omfattar 35 000 beskrivne artar med stor variasjon i levesett, men talet er truleg mykje høgare. Til midden høyrer mellom anna flått.

Oppbygnad endre

Midd har todelt kropp og (som regel) åtte bein, og høyrer såleis til edderkoppdyra (Arachnida). Til skilnad frå andre dyr i same gruppe har dei derimot bein både på for- og bakkroppen; skiljet mellom forkropp (proterosoma) og bakkropp (hysterosoma) går mellom det andre og det tredje beinparet. Klosaksane og pedipalpane som er så karakteristiske for edderkoppdyra er skild frå resten av kroppen av eit særleg fleksibelt område av eksoskjelettet. Midd pustar med trakèer eller over kroppsoverflata. Dei er ofte blinde.

Levesett endre

Det eksisterer eit særs stort mangfald av levesett hjå midd. Ein kan finna dei i alle slags miljø; det finst både vass- og landlevande artar. Dei utgjer den største luten av leddyr i humusjord og detritus. Mange lever parasittisk, særleg på utsida av dyret, og dei går både på virveldyr og virvellause dyr. Frittlevande variantar er vanlegvis jegerar, nokre vert tilmed brukt til biologisk skadedyrkontroll.

Det finst òg ein del detritus-etarar som hjelper til å bryta ned organisk avfall. Her høyrer m.a. husstøvmidden, som lever av daude hudceller frå menneske, til. Somme midd er òg planteetarar, og kan forårsaka skade på avlingar.

Systematikk endre

 
Flått er ein av dei største midd-gruppene me kjenner til. Desse høyrer til familien Ixodidae og kan bli over 2 mm lange.

Forskarane stridest om desse dyra skal plasserast i same gruppe. Mange meiner underklassa eller ordenen Acari er parafyletisk; det vil seie at somme av medlemmane har nærare felles forfar med dyr utanfor gruppa enn med andre midd. Per i dag vert dei rekna som ei underklasse av edderkoppdyra, med tre ordenar: Acariformes, Parasitiformes og Opilioacariformes.