Middleton-in-Teesdale

Middleton-in-Teesdale er ein marknadsby i County Durham i England. Han ligg på nordsida av Teesdale mellom Eggleston og Newbiggin, nokre kilometer nordvest for Barnard Castle. Rundt byen ligg North Pennines naturområde (Area of Outstanding Natural Beauty, AONB).

Middleton-in-Teesdale
by
Middleton-in-Teesdale frå sør.
Land  England
Kart
Middleton-in-Teesdale
54°37′22″N 2°04′40″W / 54.6229°N 2.0779°W / 54.6229; -2.0779
Wikimedia Commons: Middleton-in-Teesdale

Historie endre

Den vesle marknadsbyen i øvre Teesdale byrja veksa på byrjinga av 1800-talet då London Lead Company flytta det nordlege hovudkvarteret sitt dit frå Blanchland i Northumberland. Mykje av arkitekturen frå tida som føretaksby er framleis synleg. Dette inkluderer Middleton House, som tidlegare var hovudkvarteret til selskapet, skulen (som no er eit friluftssenter) og nokre andre tidlegare føretaksbygningar.

St. Mary's Church, som blei bygd om på slutten av 1870-talet, har eit historisk fritståande klokketårn med klokker som går tilbake til 1500-talet.[1] Det finst ulike kapell for katolikkar, baptistar, wesley-metodistar og primitiv-metodistar.[2]

I 1877 blei det bygd ei fontene i byen til ære for Robert Walton Bainbridge, som var forstandar for London Lead Mining Company.[3]

Middleton var endepunkt for ei jernbanelinje frå Barnard Castle fram til denne blei stengd som del av Beeching-kutta. Wynch-brua frå 1830 nær fossen Low Force blei bygd for å gje gruvearbeidarar tilgang til Middleton-gruvene.[4] Dette skal vera ei av dei eldste hengebruene i England.[5]

20. juni 1939 fall eit De Havilland Dragon Rapide-fly frå British American Air Services undervegs frå Heston Aerodrome til Newcastle Airport ned i Forest-in-Teesdale nær Middleton-in-Teesdale. Vêret var dårleg, og flyet flaug lågt. Både dei tre passasjerane og mannskapet ombord omkom i ulukka.[6]

Galleri endre

Kjelder endre

  1. «St Mary's Middleton-in-Teesdale». Upper Teesdale Churches Together. Henta 1. mars 2020. 
  2. «Middleton in Teesdale County Durham». Vision of Britain. Henta 1. mars 2020. 
  3. 'Memorial Fountain to be repaired' Teesdale Mercury 23.7.2014 page 16
  4. «Wynch Bridge». Britain Express. Henta 1. mars 2020. 
  5. Trevelyan, W.C. (1828). «Description of the winch bridge, the oldest suspension bridge in England». The Philosophical Magazine (Taylor & Francis: The Philosophical Magazine, Series 2, Vol 4) 4 (23): 386. doi:10.1080/14786442808674863. 
  6. «G-AERE». Baaa-acro.com. Arkivert frå originalen 23. september 2012. Henta 6. november 2011. 

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Middleton-in-Teesdale