Teesdale er eit dalføre i Nord-England. Dalen ligg i nedslagsfeltet til elva Tees, og dei fleste vasstraumane her kjem frå eller samlar seg inn i denne elva, til dømes Skerne og Leven.

Teesdale
dal
Land  England
Fylke North Yorkshire, County Durham
Kart
Teesdale
54°32′42″ N 1°55′37″ W
Wikimedia Commons: Teesdale
Utsyn mot øver Teesdale.

Øvre eller Upper Teesdale, ofte berre kalla Teesdale, ligg mellom Durham Dales og Yorkshire Dales. Store delar av Upper Teesdale er omfatta av North Pennines AONB (Area of Outstanding Natural Beauty) - det nest største slike området i England og Wales.[1] Tees har utspring under Cross Fell, den høgaste åsen i Penninane på 2 930 fot (890 m) , og den øvste delen av dalen er høgtliggande og aude. Det lokale klimaet her er klassifisert som subarktisk, og til tider ligg det snø på Cross Fell i juni (det er eit skitrekk her ved Yad Moss).[2][3]

Nedre eller Lower Teesdale har blanda urbane (Tees Valley eller Teesside) og landlege område (Cleveland). Roseberry Topping er ein kjenneleg ås på søraustsida av dalen. Denne og andre tilstøytande åsar dannar den nordlege enden av North York Moors.

Geografi endre

 
Utsyn over Teesdale ved Middleton-in-Teesdale.

Over fjellkantar i Whin Sill renn dei kjende fossane High Force, Low Force og Cauldron Snout.[4] [5][6] Frå elvekjelda til Skerne er den største byen i Teesdale Barnard Castle,[6] ein historisk marknadsby som huser det kjende Bowes-museet.[7] Området omfattar også småbyen Middleton-in-Teesdale og ei rekkje landsbyar, som Mickleton, Eggleston, Romaldkirk og Cotherstone.[8] Middleton var eit senter fofr blygruvedrift,[9] og det er mange spor etter denne verksemda i åsane og sidedalane rundt byen.[10] På sørsida av Teesdale ligg bronsealdergravstaden Kirkcarrion.[11] Durham-dalen (Durham Dales) ligg nord for Teesdale og i sør ligg Yorkshire Dales med Swaledale og byen Richmond som den næraste dalen.

 
Tees og turvegen Teesdale Way ved Middlesbrough.

Skerne renn gjennom Darlington til Aycliffe Village og Preston-le-Skerne, forbi Fishburn og gjennom Hurworth Burn-reservoaret til Trimdon. Leven renn mellom Yarm og Ingleby Barwick frå byrjinga og deretter gjennom Stokesley og Great Ayton.

Frå Leven til Teesmouth renn Tees gjennom flatare land som sidan 1800-talet har vore byområde. Middlesbrough er den folkerikaste byen i dalen som heilskap, og omliggande byar er i denne delen av dalen avgrensa i vest av Cleveland Hills eller North York Moors. Dalen går omtrent parallelt med Weardale, der ein finn byane Bishop Auckland, Durham og Sunderland.

Teesdale gav namn til det administrative området Teesdale district, som eksisterte frå 1974 til 2009, før det gjekk opp i den større eininga Durham County Council. Sørdelen av dalen var tidlegare del av North Riding of Yorkshire, i Startforth Rural District. Han blei overført til County Durham 1. april 1974, under Local Government Act 1972.[12]

Kjelder endre

  1. «Great country walks: Cross Fell, Pennine Hills, Cumbria». The Guardian. 26. januar 2015. Henta 15. februar 2017. 
  2. «North Pennines AONB». Arkivert frå originalen 7. mars 2017. Henta 15. februar 2017. 
  3. Gilbert, Joe (27 December 1997). «Skiing: Yad Moss: the St Moritz of the north». The Independent. Arkivert frå originalen 26. mai 2022. Henta 15. februar 2017. 
  4. «Cow Green Reservoir – Visit Cumbria». Henta 15 February 2017. 
  5. «The Bowes Museum, About Us > Our History». Henta 15. februar 2017. 
  6. 6,0 6,1 «Barnard Castle Masterplan Update» (PDF). Durham County Council. Henta 15. februar 2017. 
  7. «Teesdale's industrial heritage». Teesdale Mercury. 27. februar 2008. Henta 15 February 2017. 
  8. «GENUKI - Middleton-in-Teesdale». Henta 15. februar 2017. 
  9. «GENUKI - Middleton-in-Teesdale». joinermarriageindex.co.uk. Henta 15. februar 2017. 
  10. Lloyd, Chris (8. april 2016). «Kirkcarrion keeps its secrets still». The Northern Echo. Henta 15. februar 2017. 
  11. Lloyd, Chris (8. april 2016). «Kirkcarrion keeps its secrets still». The Northern Echo. Henta 15. februar 2017. 
  12. «History of Barnard Castle». Henta 15. februar 2017. 

Bakgrunnsstoff endre