Midt-Telemarkrådet
Midt-Telemarkrådet er eit samarbeidsorgan samansett av ordførarar, rådmenn og ein politikar frå opposisjonen i kvar av kommunane Bø, Nome og Sauherad. Det blei etablert i 2002, og skal:
- - arbeide for felles interesser overfor fylkeskommunane, fylkesmannen, stat og næringsliv.
- - arbeide for samordning og effektivisering av den kommunale tenesteytinga.
- - arbeide for utvikling av næringsliv og kulturliv i regionen.
- - profilere regionen som eit attraktivt buområde og ein attraktiv arbeidsmarknad.
- - arbeide for berekraftig utvikling i regionen i tråd med Fredrikstaderklæringa.