Nome kommune

kommune i Telemark fylke i Noreg

Nome er ein kommune i Telemark fylke. Kommunen grensar til Midt-Telemark kommune i nord, Skien i aust og sør Drangedal i sør og Kviteseid i vest. Høgaste punkt er Knarren på 748 moh.

Nome kommune
kommune
Kommunevåpen
Land  Noreg
Fylke Telemark
Adm.senter Ulefoss
Areal 430 km²
 •  land 389 km²
 •  vatn 41 km²
Folketal 6 539  (1. januar 2024)
Målform nøytral
Ordførar Linda Therese Thorstensen (Ap)
Kommunenr. 4018
Kart
Nome kommune
59°17′05″N 9°07′26″E / 59.284722222222°N 9.1238888888889°E / 59.284722222222; 9.1238888888889
Wikimedia Commons: Nome, Norway
Nettstad: www.nome.kommune.no

Kommunen ligg på vestsida av Norsjø og Telemarkskanalen. Tettstadane er Ulefoss og Lunde. Ulefoss er ein av dei eldste industristadane i landet med sagbruk frå 1500-talet og gruvedrift frå 1600-talet. Ulefoss Jernverk som framleis er i drift vart grunnlagt i 1657. Den gamle handels- og industrifamilien Cappelen frå Skien held til på Ulefoss.

Kanalen er lokalavis for Nome-samfunnet.

Kommunenamnet Nome

endre
 
Vrangfoss sluser i Telemarkskanalen
 
Jernbane og veg kryssar Straumen ved Lunde.
Foto: Morten Nærbøe
«Nome er namnet på eit vatn som ligg innmed riksvegen som går gjennom Holla og Lunde. Dette vatnet ligg i båe bygdene. Det er så fin ein stad, utsynet frå Hollasida og oppover i Lundebygda er noko med det blidaste og mest yndefulle ein kan sjå. Difor er det au mykje nytta som utferdstad og stemnestad. Nome er såleis eit nøytralt namn, lett og fint, eit namn som bygdefolket i samkommunen nok vil bli nøgd med og glad i.»

Dette blei den forløysande grunngjevinga for nytt kommunenamn framføre samanslåinga av Holla og Lunde kommunar frå 1.1.1964. Det var etter langvarige og intense drøftingar om namnespørsmålet at ordføraren i Lunde, bonden og diktaren Torstein Børte, kom med framlegget om Nome som nytt kommunenamn i eit sammøte mellom Lunde og Holla kommunestyre midtsommars 1963. Namnet blei korkje Lunde, Holla, Ulefoss, Holla-Lunde, Lunde-Holla eller Hollund, det siste som kanskje det aller mest kreative framlegget.

Det vesle og grunne vatnet Nome var før kanaliseringa eit våtmarksområde som blei overfløymd om våren og i haustflaumane og elles ved stor nedbør. Namnet Nome har truleg bakgrunn i det gammalnorske verbet ”nema”, ta eller ta bort, jf. tysk ”nehmen” (og bokmålsk ”fornem”). Me snakkar nærare bestemt om fortidspartisippforma ”numinn” i gammalnorsk. Om vinteren kan me vera nomne i fingrane av kulde, eller me kan slå ein finger nomen til alle årstider. Dette har same opphav. Kjensla blir ”tatt bort” frå fingrane. Det myrlendte Nome blei i flaumtida ”tatt bort” av vatnet. Dette er den grunnforklaringa som altså stemmer best med naturforholda.[treng kjelde]

Bakgrunnsstoff

endre

59°16′52.9″N 9°15′24.4″E / 59.281361°N 9.256778°E / 59.281361; 9.256778

  Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.