Midsommar

(Omdirigert frå Midtsommar)

Midsommar kan visa til ei tid midt på sommaren, særleg om tida rundt sommarsolkverv (21. juniden nordlege halvkula). Tida er blitt feira som ei høgtid over lang tid ein rekkje stader. Bålbrenning er ein utbreidd skikk for å feira dagen.

Midsommarbål i Mäntsälä i Finland.
Foto: Janne Karaste

I Europa blei den heidenske høgtida kristna og vigd til Johannes døyparen som jonsok eller sankthans. Ettersom Johannes skulle ha vore fødd seks månader før Jesus, blei fødselsdagen hans lagt til den 24. juni. Feiringa kan leggast til kvelden før, eller til ei helg i nærleiken. I Finland har til dømes midsommar vore feira ein laurdag mellom 20. juni og 26. juni sidan 1955.

Eit anna namn på midsommar er håball, som er tida mellom våronna og høyonna.[1]

Sjå òg

endre

Kjelder

endre
  1. «Håball», Store norske leksikon, 14. februar 2009, henta 13. august 2014 
  Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.