Michael Donald «Mike» Chapman (fødd 13. april 1947) er ein australsk plateprodusent og låtskrivar som var ein viktig person i britisk popindustri i 1970-åra. Han skapte ei rekkje hitsinglar for artistar som Sweet, Suzi Quatro, Smokie, Mud og Racey med medlåtskrivar og medprodusenten Nicky Chinn, og skapte ein formelbasert stil som vart kalla «Chinnichap». Han produserte sidan gjennombrotsalbuma til Blondie og The Knack.

Mike Chapman
Fødd13. april 1947 (77 år)
FødestadNambour i Queensland i Australia
FødenamnMichael Donald Chapman
OpphavAustralia
Aktiv1970-åra til i dag
SjangerPop
Verka somLåtskriving, plateprodusent
PrisarOrder of Australias medalje

Karriere

endre

I lag med partneren Nicky Chinn var Mike Chapman ein av dei mest suksessrike låtskrivarane i 1970-åra og hadde stor suksess som produsent. Han var fødd i Queensland i Australia i 1947 og var med i gruppa Tangerine Peel, då han først slo seg saman med Chinn. Under rettleiing frå RAK Records-sjefen Mickie Most, komponerte duoen raskt ei rekkj store hittar for artistar som Sweet («Ballroom Blitz»), Suzi Quatro («Stumblin' In»), New WorldLiving Next Door to Alice») og Mud («Tiger Feet»), i alt over 40 hittar i Storbritannia i 1970-åra. Med Sweet-albumet Destination Boulevard, starta Chapman og Chinn òg karrieren som produsentar, og produserte Quatro same året. Som soloprodusent fekk Chapman den første hitten sin med Nick Gilder-albumet City Nights i 1978, med hitlåten «Hot Child in the City», men det verkelege gjennombrotet hans var med Blondie-klassikaren Parallel Lines, som lanserte hitlåten «Heart of Glass», som nådde toppen av listene på begge sider av Atlanteren. I 1979 produserte han igjen Blondie og albumet Eat to the Beat, og slo seg saman med Pat Benatar for debuten hennar In the Heat of the Night og den store hitlåten «[[Heartbreaker] av Pat Benatar|Heartbreaker]», men ingen var så populære som the Knack sin Get the Knack, eit av dei bestseljande debutalbuma i pophistoria med hitlåten «My Sharona». Chapman og Chinn danna sitt eige selskap, Dreamland, i 1979, men selskapet vart lagt ned i to år. Duoen fortsette å skrive hitlåtar, som Exile sin «Kiss You All Over» og Toni Basil sin «Mickey». Dei neste åra tok Chapman det langt rolegare, men han arbeidde på somme prosjekt som album av Debbie Harry, the Divinyls og Lita Ford.

Hitsinglar

endre

Songar produserte, eller skrivne og produserte, av Chapman/Chinn eller berre Chapman, som kom inn på UK Singles Chart:

  • 1971:
New World: «Tom Tom Turnaround», «Kara Kara»
The Sweet: «Funny Funny», «Co-Co», «Alexander Graham Bell»
  • 1972:
The Sweet: «Poppa Joe», «Little Willy», «Wig-Wam Bam»
New World: «Sister Jane»
  • 1973:
Mud: «Crazy», «Hypnosis», «Dyna-Mite»
Suzi Quatro: «Can the Can», «48 Crash», «Daytona Demon»
The Sweet: «Block Buster!», «Hellraiser», «The Ballroom Blitz»
  • 1974:
Arrows: «Touch Too Much»
Mud: «Tiger Feet», «The Cat Crept In», «Rocket», «Lonely This Christmas»
Suzi Quatro: «Devil Gate Drive», «Too Big», «The Wild One»
The Sweet: «Teenage Rampage», «The Sixteens», «Turn It Down»
  • 1975:
Mud: «The Secrets That You Keep», «Moonshine Sally» (opphavleg spelt inn i 1972), «One Night»
Suzi Quatro: «Your Mama Won’t Like Me»
Smokie: «If You Think You Know How to Love Me», «Don't Play Your Rock 'n' Roll to Me»
  • 1976:
Smokie: «Something's Been Making Me Blue», «I'll Meet You at Midnight», «Living Next Door to Alice»
  • 1977:
Suzi Quatro: «Tear Me Apart»
Smokie: «Lay Back In The Arms Of Someone», «It's Your Life», «Needles and Pins»
  • 1978:
Suzi Quatro: «The Race is On», «If You Can’t Give Me Love», «Stumblin' In» (med Chris Norman)
Racey: «Lay Your Love on Me»
Smokie: «For A Few Dollars More», «Oh Carol»
Exile: «Kiss You All Over»
Nick Gilder: «Hot Child in the City»
  • 1979:
Suzi Quatro: «She's in Love with You»
Racey: «Some Girls»
  • 1980:
Suzi Quatro: «Mama's Boy» (berre produsent), «I've Never Been in Love» (berre produsent)
  • 1982:
Toni Basil: «Mickey»
  • 1983:
Altered Images: «Don't Talk To Me About Love» (berre produsent), «Love To Stay» (berre produsent)
Bow Wow Wow: «Do Ya Wanna Hold Me» (berre produsent)
Huey Lewis and the News: «Heart and Soul»
Pat Benatar: Love Is a Battlefield (medlåtskrivar med Holly Knight)
  • 1984:
Tina Turner: «Better Be Good to Me» (medlåtskrivar med Holly Knight)
  • 1990:
Tina Turner: «The Best» (skriven i lag med Holly Knight),
  • 1995:
Smokie med Roy 'Chubby' Brown: «Living Next Door to Alice».

[1][2]

Kjelder

endre
  1. Fulton, Katherine. «the automatic music explosion». MTV. Henta juni 2007. 
  2. Wolfman, Jeff. «Automatic Fun with The Automatic Music Explosion». all access magazine. Henta 30. oktober 2008. 

Bakgrunnsstoff

endre