Block Buster!
Block Buster! Singel av Sweet frå albumet The Sweet | ||
B-side |
Need a Lot of Lovin' | |
---|---|---|
Utgjeve | Januar 1973 | |
Innspelt | 1972 | |
Sjanger | ||
Lengd | 3:13 | |
Selskap | RCA | |
Tekstforfattar | Nicky Chinn | |
Låtskrivar(ar) | Nicky Chinn, Mike Chapman | |
Produsent | Phil Wainman | |
Sweet-kronologi | ||
«Wig-Wam Bam» (1972) |
Block Buster! | «Hell Raiser» (1973)
|
«Block Buster!» (stundom oppført som «Blockbuster!») er ein song frå 1973 av Sweet. Songen er skriven av Nicky Chinn og Mike Chapman, og produsert av Phil Wainman, og var den einaste singelen deira som gjekk til topps på den britiske singellista. Songen kom ut i januar 1973 og låg fem veker på toppen av UK Singles Chart,[5] og gjekk òg til topps i Nederland, Tyskland, Austerrike og Irland, og nådde tredjeplassen i Finland, Sveits, Danmark og Noreg. Utafor Europa gjekk songen til topps i New Zealand, nådde 29. plassen i Australia og 73. plassen på amerikanske Billboard Hot 100.
Songen består av eit Muddy Waters-inspirert bluesriff som minner om ein song av ein annan artist som var på RCA på denne tida, David Bowie sin «The Jean Genie», som kom ut kort tid før. Alle partar meinte det var tilfeldig.[6]
Det vart kontroversar då bandet framførte songen på det britiske fjernsynsprogrammet Top of the Pops den 25. desember 1973 då bassisten Steve Priest gjekk kledd med Hitler-bart, uniform og hakekross på eit armband på armen.[7]
I 2007 vart songen nytta i filmen Hot Fuzz.
Salslister
endreListe (1973) | Plassering |
---|---|
Australia | 29 |
Austerrike | 1 |
Belgia | 2[8] |
Danmark | 1 |
Finland | 3 |
Tyskland | 1 |
Irland | 1 |
Italia | 30 |
Nederland | 1 |
New Zealand | 1 |
Noreg | 3 |
Sør-Afrika | 7 |
Spania | 12 |
Sveits | 3 |
Storbritannia[9] | 1 |
USA[10] | 73 |
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Block Buster!» frå Wikipedia på engelsk, den 2. oktober 2021.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Popoff, Martin (2014). The Big Book of Hair Metal: The Illustrated Oral History of Heavy Metal?s Debauched Decade. Voyageur Press. s. 16. ISBN 978-1-62788-375-7.
- ↑ Swanson, Dave (10. mai 2014). «10 Underrated Glam Rock Stompers Worth Getting All Dolled Up For». Diffuser.fm. Henta 8. august 2019.
- ↑ Chapman, Ian (2015). Experiencing David Bowie: A Listener's Companion. Rowman & Littlefield. s. 72. ISBN 978-1-44223-752-0.
- ↑ Wroe, Nicholas (12. september 2014). «That's neat: Chinnichap's blitz of 70s hits become a musical». The Guardian. ISSN 0261-3077. Henta 16. februar 2019.
- ↑ Roberts, David (2006). British Hit Singles & Albums (19th utg.). London: Guinness World Records Limited. s. 282–3. ISBN 1-904994-10-5.
- ↑ Nicholas Pegg (2000). The Complete David Bowie: p.110
- ↑ «Steve Priest | The Sweet». Thesweetband.com. Arkivert frå originalen 7. august 2020. Henta 2. oktober 2021.
- ↑ «The Sweet - Block Buster - Wallonie». ultratop.be.
- ↑ «UK Official Charts». Official Charts Company. 2019. Henta 1. oktober 2021.
- ↑ «Hot 100: The Sweet». Billboard. 2019. Arkivert frå originalen 26. januar 2019. Henta 1. oktober 2021.