Mikhail Konstantinovitsj Klodt (11. januar 183229. mai 1902), baron av Jürgensburg, var ein russisk realistisk målar. Han var fødd i St. Petersburg, og døydde same staden.

Mikhail Klodt

Ivan Kramskoj: Portrett av Mikhail Klodt
Fødenamn Михаил Константинович Клодт, Mikhail Konstantinovitsj Klodt
Statsborgarskap Det russiske imperiet
Fødd 30. desember 1832
St. Petersburg
Død

16. mai 1902 (69 år)
St. Petersburg

Yrke kunstmålar
Far Konstantin Clodt von Jürgensburg
Mor Catherine Vigné
Mikhail Klodt på Commons

Liv og gjerning endre

Klodt vart fødd inn i adelsætta Klodt von Jürgensburg. Faren Konstantin Klodt var den fyrste russaren som dreiv med trestikk, onkelen Peter Klodt von Jürgensburg var ein kjend russisk skulptør.

Klodt studerte ved St. Petersburgs kunstakademi i tida 1851-58. Etter å oppnådd ein gullmedalje, vart han tildelt eit treårig stipend for å studere målekunst i Frankrike, Sveits og Italia. Han utsette reisa i eit år, og klaga så på at dei utanlandske landskapa ikkje inspirerte han. Dessutan, hevda han, var dei franske og italienske kunstskulane underlegne den russiske. Etter heimkomsten fekk Klodt løyve til å nytte resten av stipendet til reiser i Russland.

 
Skogsutsyn ved middag, 1878

I 1863 fekk Klodt merksemd for måleriet Hovudveg om hausten. Endå større åtgaum vart han til del for verka På åkrane (1872) og Skogsutsyn ved middag (1878). Kritikarar la vekt på hans kjennskap til russisk landskap, og den nitidige vekt på detaljar i arbeida hans. Den omtykte kunstkritikaren Vladimir Stasov fann derimot grunn naturalisme og «slavisk røyndomsoppfatning» i mange av Klodt sine verk. Som døme på dette heldt han fram Kyr brynner seg (1879). Med både si framheving av det russiske landskapet og si naturalisme, var Klodt ein målar som påverka Ivan Sjisjkin.

Mikhail Klodt var ein av grunnleggjarane av kunstrørsla Peredvizjnikij, men dei andre Peredvizjnikij-målarane rekna han ikkje heilt som ein av deira eigne. Noko kom dette av skarpe kritikkar frå Klodt sjølv, og noko kom av at han heldt fast ved undervisningsstillinga si ved det keisarlege kunstakademiet (1871–86). Etter Klodts særs skarpe kritikk mot Arkhip Kuindzji vart han tvinga til å forlate Peredvizjnikij. Straks etter trekte han seg og frå kunstakademiet.

Klodt måla ikkje noko av verd etter 1870-åra. Halvblind og bankerott døydde han i 1902.

Verk endre

Kjelder endre