Uljanovsk

by i Russland
(Omdirigert frå Simbirsk)

Uljanovsk (russisk Ульяновск) er ein by i Russland og hovudstad i Uljanovsk oblast. Byen ligg ved breidda av elva Volga, aust i den europeiske delen av Russland, 893 km aust for Moskva. Byen har like over 600 000 innbyggjarar.

Uljanovsk
Ульяновск
Flagget til Uljanovsk Byåpenet til Uljanovsk
Flagget til Uljanovsk Byvåpenet til Uljanovsk


Plassering
Uljanovsk is located in Russland
Styresmakter
Land Russland
Føderasjonssubjekt Uljanovsk oblast
Grunnlagd 1648
Borgarmeister Sergej Jermakov
Geografi
Flatevidd
 - By

316,9 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2007)
   - folketettleik

611 700
  1 930,3 /km²
Koordinatar 54°19′N 48°23′E / 54.317°N 48.383°E / 54.317; 48.383
Høgd over havet 140 moh.
Tidssone
- Ved sommartid
MSK (UTC+3)
MSD (UTC+4)
Diverse annan informasjon
Postnummer 432xxx
Retningsnummer (tlf) +7 8422
Bilnummer 73, 173
Nettstad: www.ulmeria.ru/

Uljanovsk vart grunnlagd under namnet «Simbirsk» i 1648 og fekk bystatus i 1796. I 1924 endra han namn til «Uljanovsk» etter det eigentlege namnet til Lenin - Vladimir Uljanov - som vart fødd i byen og budde der til han var 17 år gamal. Aleksandr Kerenskij, leiaren av den russiske regjeringa som vart styrta av Lenin i oktoberrevolusjonen, vart òg fødd i byen.

Folk frå Uljanovsk

endre

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Uljanovsk