Ivan Sjisjkin
Ivan Ivanovitsj Sjisjkin (25. januar 1832–20. mars 1898) var ein russisk landskapsmålar med kontaktar til Peredvizjnikij-rørsla.
Ivan Sjisjkin | |
Verkeleg namn | Russisk skrift Иван Иванович Шишкин |
Statsborgarskap | Det russiske imperiet |
Fødd | 13. januar 1831 Jelabuga |
Død |
8. mars 1898 (67 år) |
Yrke | kunstmålar, grafikar, biletkunstnar, grafikar |
Språk | russisk |
Medlem av | Peredvizjnikij |
Ivan Sjisjkin på Commons |
Liv og gjerning
endreSjisjkin vart fødd i byen Jelabuga i Vjatka-guvernementet (dagens Tatarstan). Etter eksamen frå gymnasiet i Kazan, studerte han i fire år ved Høgskulen i teikning, måling og arkitektur i Moskva. Frå 1856 til –60 hadde Sjisjkin plass ved St. Petersburgs Keisarlege Kunstakademi, derifrå gjekk han ut med dei beste avgangspapir. Han mottok keisarleg stipend til å studere vidare i Europa.
Ei tid budde og arbeidde Sjisjkin i Sveits og Tyskland (Dresden og Düsseldorf). Han stilte ut både i München og Zürich. Etter han i 1865 kom tilbake til St. Petersburg vart han med i gruppa av (flest) kunstmålarar som arbeidde for ein meir realistisk målarkunst (Peredvizjnikij-rørsla) og i Det russiske selskap for akvarellmålarar.
Ved tilbakekomsten til Russland vart Sjisjkin medlem av Det keisarlege kunstakademiet i St. Petersburg og virka som professor i kunstmåling frå 1873 til 1898. Samstundes leidde han klassa som dreiv med landskapsmåling ved den høgare kunstskulen i St. Petersburg. Han deltok i fleire utstillingar ved Kunstakademiet i St. Peterburg og den Stor-Russiske utstillinga i Moskva i 1882, i Nizjnij Novgorod (1896), og på verdsutstillingane i Paris i 1867 og 1878, og Wien i 1873.
Han døydde i St. Petersburg medan han arbeidde på eit nytt måleri.
Målestil
endreSjisjkins målemåte baserte seg på grundige studiar av naturen. Verka hans er prega av ei poetisk framvising av årstidene i skogane, dyra og fuglane, den urøyvde naturen. Impulsar frå den tyske romantiske målaren Caspar David Friedrich er tydeleg i mykje av kunsten hans. Sjisjkin eigde ein datsja i Vyra, sør for St. Petersburg. Der måla han nokre av sine finaste landskapsmåleri. Han vart berømt for sine skoglandskap, og var elles ein framifrå teiknar og litograf.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Ivan Shishkin» frå engelsk wikipedia, den 27. februar 2009.