Mikhail T. Devjatjarov

Mikhail Talgatovitsj Devjatjarov (fødd 25. februar 1959) er ein sovjetisk tidlegare langrennar frå Tsjusovoj som vart olympisk meister på 15 km i 1988 .

Mikhail T. Devjatjarov
Fødd 25. februar 1959
Tsjusovoj
Yrke langrennsløpar, trener

Devjatjarov markerte seg fyrste gongen då han vart nummer tre i eit verdscuprenn over 15 km i Sarajevo vinteren 1983. I mars 1984 vann han den fyrste av to verdscupsigrar då han toppa resultatlista etter ein 15 km i Murmansk.

Ski-VM 1987 vart avvikla i Oberstdorf, kneip Devjatjarov bronsemedaljen i ei jamn 15-km-tevling og han gjekk tredjeetappen på Sovjetunionen sitt sølvlag i 4 x 10 km stafett. Under dei olympiske leikane i Calgary vinteren 1988 vart han fjerdemann på opningsdistansen 30 km. Få dagar seinare vann han gullmedaljen på 15 km, ei 14-15 sekundar framom norske Pål Gunnar Mikkelsplass. Han avslutta leikane med å ta ein ny sølvmedalje i 4 x 10 km stafett med det sovjetiske mannskapet, nett som i Oberstdorf-VM året før vann Sveriges lag gullet.

Devjatjarov vart nummer 14 på tremila då Ski-VM 1989 fann stad i Lahti. Han la opp etter 1992-sesongen.

KjelderEndra

  • Sportsboken, aktuelle årgangar.