Veli-Mikko Korhonen (14. oktober 193619. august 1991) var ein finsk fennougrist som spesialiserte seg på utforskinga av samisk, men som også arbeidde med andre uralske språk, og med faghistoriske og allmennlingvistiske problemstillingar.

Mikko Korhonen
Fødd14. oktober 1936
Kuopio
Død19. august 1991
Helsingfors
NasjonalitetFinland
Områdespråkvitskap, Finsk-ugriske språk
Yrkelingvist, universitetslærar
InstitusjonarHelsingfors universitet
MedlemDet ungarske vitskapsakademiet

Korhonen sine arbeid om samisk verbbøying gjev eit komparativt studium av samisk morfologi, sjølv om det var historisk orientert var det eit skifte av fokus frå den lydhistoriske innrettinga som hadde prega forskinga med Erkki Itkonen og Paavo Ravila. Han spesialiserte seg også på skoltesamisk, og gav i lag med Jouni Mosnikoff og Pekka Sammallahti ut ein av dei første publikasjonane basert på nyare skoltesamisk materiale, i 1973. I "Innføring i samisk språkhistorie" frå 1981 oppsummerte Korhonen andres og eiga forsking på samisk språkhistorie, denne boka er framleis standardreferansen innanfor dette feltet.

Dei siste åra arbeidde Korhonen også med andre tema. Den faghistoriske framstillinga hans frå 1986 var ei kvalitiativt forbetring av ein sjanger som i all for stor grad hadde vore prega av panegyrikk og oppramsing av titlar, Korhonen presenterte ei nyskapande analyse av fennougristikken si historie i Storfyrstedømmet Finland, og sett forgjengarane sine inn i både ein internasjonal vitskapleg og ein allmennpolitisk tradisjon, samtidig som han vurderer konsekvensane dei ulike vegvala mot slutten av 1800-talet fekk for finsk språkforsking gjennom heile det neste hundreåret.

Korhonen hadde eit personleg professorat i fennougristikk ved Universitetet i Helsingfors, og var forskingsleiar for eit prosjekt om typologi i dei uralske språka, då han uventa døydde. Med det dødsfallet mista finsk fennougristikk dermed både ein dyktig kollega og prosjektleiar, og fagfeltet mista eit professorat.

Ulla-Maija Kulonen, som var gift med Korhonen, gav posthumt ut eit manus han hadde skrive om teoriar for korleis språkevna oppstod i menneskeslektas historie, Kielen synty. I 1996 kom ei samling av Korhonen sine viktigaste artiklar, til sekstiårsdagen for fødselen hans.

Bibliografi endre

  • Korhonen, Mikko 1967: Die Konjugation im lappischen : Morphologisch-historische untersuchung, I. Die finiten Formkategorien. Suomalais-ugrilaisen seuran toimituksia ; Helsinki : Suomalais-ugrilaisen seuran toimituksia 143.
  • Korhonen, Mikko, Jouni Mosnikoff og Pekka Sammallahti 1973: Koltansaamen opas. Castrenianumin toimitteita ; 4. Helsinki : Suomalais-ugrilainen seura.
  • Korhonen, Mikko 1974: Die Konjugation im Lappischen : morphologisch-historische Untersuchung. II. Die nominalen Formkategorien. Suomalais-ugrilaisen seuran toimituksia 155.
  • Korhonen, Mikko 1981: Johdatus lapin kielen historiaan. Suomalaisen kirjallisuuden seuran toimituksia 370. Helsinki, 1981.
  • Korhonen, Mikko 1986: Finno-Ugrian language studies in Finland 1828-1918. The History of learning and science in Finland 1828-1918 ; 11. Helsinki, 1986.
  • Korhonen, Mikko 1988: The history of the Lapp language. Sinor, Denis: The Uralic languages. Description, history and foreign influences]. Leiden: E.J. Brill. s. 264-278.
  • Korhonen, Mikko 1993: Kielen synty Utgjeve posthumt av Ulla-Maija Kulonen. Porvoo : Werner Söderström, 1993.
  • Salminen, Tapani (red.) 1996: Typological and historical studies in language by Mikko Korhonen : a memorial volume published on the 60th anniversary of his birth. Edited by Tapani Salminen. Suomalais-ugrilainen seuran toimituksia ; 223