Mikroradiografi er å skape eit forstørra røntgenbiletefotografisk film.

Utføring endre

Ved kontaktmetoden blir eit preparat ført i passande tjukkleik i nær kontakt med ein finkorn film som blir eksponert med røntgenstrålar. Etter framkalling blir biletet forstørra med vanlege fotografiske metodar. Oppløysinga er avgjort ved bølgjelengda for det lyset som blir nytta ved forstørringa.

Ved projeksjonsmetoden brukast ei særs lita (punktforma) kjelde for røntgenstråling, og objektet blir avteikna som eit skarpt, forstørra skuggebilete på ein film i passande avstand bak dette. Òg dette biletet blir vidare forstørra med vanlege fotografiske metodar, men sidan den første forstørringa kjem med stråling med kortare bølgjelengd, blir oppløysinga betre enn ved kontaktmetoden, ned til 0,1 µm.

Nytte endre

Mikroradiografi nyttast for strukturundersøkingar til påvising av mikrodefektar (brot, porer, sveise- og loddefeil, forureiningar av lettare eller tyngre stoff osv.) i metall, keramiske stoff, mineral og liknande og for undersøkingar av massefordelingar og massekjemisk analyse innan biologi og medisin.

Kjelder endre

mikroradiografi. I Store norske leksikon. Henta frå: http://snl.no/mikroradiografi