Mile
- Denne artikkelen handlar om måleininga. For for den eldre nemninga for kjernefysisk reaktor, sjå kjernereaktor.
Mile er ei måleining for lengd som blir brukt i nokre engelsktalande land. Ho svarar til rundt 1 609 meter på land og 1 852 meter til sjøs og i lufta.
Eininga har opphav i Romarriket. Der målte ein lengd i dobbelsteg, det vil seia to steg tekne av ein gjennomsnittleg romersk soldat. Tusen slike steg, mille passus, utgjorde om lag 1 479 meter. Langs vegnettverket dei laga, sette romarane opp milesteinar for kvart tusande steg for å visa avstanden til Roma. Desse steinane blei kalla milliarium.
Då Romarriket fall, stod steinane igjen. Dei blei etter kvart tekne i bruk av nye herskarar, saman med ei eller anna form av eininga. Det norske ordet mil kjem òg opphavleg frå romarane sine tusen skritt.