Singapore er ein by- og øystat i Søraust-Asia som ligg ved sørspissen av Den malaysiske halvøya. Singapore har sjøgrense mot Malaysia i nord gjennom Johorestredet, og mot Indonesia i sør gjennom Singaporesundet. Singapore er ein viktig by for finans og samferdsel i Søraust-Asia.

Republic of Singapore
malayisk Republik Singapura
kinesisk 新加坡共和国
tamil சிங்கப்பூர் குடியரசு

(norsk: Singapore, singaporsk)

Det singaporske flagget Det singaporske riksvåpenet
Flagg Riksvåpen
Nasjonalsong «Majulah Singapura»
Motto Majulah Singapura
(Onward, Singapore)
Geografisk plassering av Singapore
Offisielle språk Engelsk, mandarin-kinesisk, malayisk, tamil
Hovudstad Singapore ¹
Styresett
Parlamentarisk republikk
Tharman Shanmugaratnam
Lawrence Wong
Flatevidd
 – Totalt
 – Andel vatn
 
697 km² (179.)
1,4 %
Folketal
 – Estimert (2017)
 – Folketeljing (2023)
 – Tettleik
 
5 888 926 (112.)
5 917 600
8 449 /km² (2.)
Sjølvstende
Frå Malaysia
9. august 1965
Nasjonaldag 9. august
BNP
 – Totalt (2015)
 – Per innbyggjar
 
468 900 mill. USD (40.)
88 700 USD (4.)
Valuta Singapore Dollar (SGD)
Tidssone UTC +8
Telefonkode +65²
Toppnivådomene .sq

¹ Singapore er ein bystat
² +02 når ein ringer frå Malaysia

Utsyn over Singapore.

Singapore oppstod som stat i 1965 då det blei skild ut frå Malaya-føderasjonen (resten er i dag Malaysia). Begge områda hadde fram til 1963 vore britiske koloniar. Landet er fleirkulturelt med dei fleste fastbuande innbyggjarane av kinesisk opphav og elles mange av malayisk eller indisk opphav. Rundt 40 % av dei som bur i landet er innvandrarar.

Klima

endre

Landet har eit tropisk klima som endrar seg lite igjennom året. Temperaturane held seg stort sett rundt 30-32 °C midt på dagen og rundt 22-25 °C om natta. Nedbøren er stort sett jamt for delt gjennom året, men med ei lita auke i overgangsperiodane til monsunen i april-mai og oktober-november. I det store og heile kjem det ei regn- eller torebyge om lag annakvar dag. Den årlege nedbørsnormalen for Singapore er 2415 mm.

Singapore er den staten i verda som har flest lynnedslag i året.

Bakgrunnsstoff

endre
  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Singapore

Kjelder

endre
  Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.