Militærstab
Militærstab (kan vera genralstab, hærstab, marinestab, eller luftstab innan dei ulike forsvarsgreinene) er ei gruppe offiserar, vernepliktige og sivilt personal som har ansvar for administrative, operasjonelle og logistiske funksjonar i den militære avdelinga som staben verkar for. Militærstaben styrer informasjon mellom avdelingssjefen og underlagde einingar. Motsett vil òg informasjon frå sensorar og underlagde einingar verta filtrerte til avdelingssjefen og leiinga slik at berre viktige data som basis for slutningar som sjefen skal ta, kjem fram.
Tala frå 1 til 9 nedanfor er ikkje prioritetar, men ei vanleg oppdeling i militære stabar som skriv seg frå gamal fransk praksis: 1 har ikkje høgare status enn 2. Dømet er henta frå SHAPE strukturen:[1]
- 1, for militært personal og administrasjon
- 2, for militær etterretning og militær tryggleik
- 3, for militæroperasjonar
- 4, for militær logistikk
- 5, for militære operasjonsplanar
- 6, for militært samband[2]
- 7, for militær utdanning og øving
- 8, for militærøkonomi og kontraktar resource management.
- 9, for sivil-militært samband (CIMIC) eller civil affairs.
Norske stabar
endreI norske militære stabar vert det same prinsippet nytta, og vi brukar gjerne til dømes G-2 for etterretningssjef på brigadenivå, og S-2 for etterretningssjefen på bataljonsnivå. Dette er også brukt i tyske stabar.
Referansar
endre- ↑ NATO SHAPE structure, arkivert frå originalen 9. januar 2010, henta 6. februar 2017
- ↑ Department of the Army (1997). Staff organization and Operations (FM 101-5) (PDF). s. 4–16. Arkivert frå originalen (PDF) 22. november 2011. Henta 6. februar 2017. line feed character in
|title=
at position 35 (hjelp)
Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask |