Miller Spur
Miller Spur er ein isdekt utstikkar som heller nedover nordaust for Mount Giles, nær kysten av Marie Byrd Land. Utstikkaren endar i ei lita klippe kring 1 nautisk mil (1,9 km) vest for den nedre Hullbreen. Utstikkaren vart observert og fotografert den 18. desember 1940 frå lufta av U.S. Antarctic Service (USAS) (1939–41) leia av admiral Richard Byrd. Han vart namngjeven av Advisory Committee on Antarctic Names (US-ACAN) etter Linwood T. Miller, ein seglmakar og medlem av Byrd-ekspedisjonen i 1933–35, som produserte vindtette skjorter, parkasar, telg og anna dukmateriale for ekspedisjonen.
Miller Spur | |||
rygg | |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Stad | Marie Byrd Land | ||
- koordinatar | 75°7′S 137°29′W / 75.117°S 137.483°W | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Miller Spur 75°07′00″S 137°28′59″W / 75.1167°S 137.483°W | |||
Kjelder
endreDenne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Miller Spur» (innhald frå Geographic Names Information System).