Minecraft
- Denne sida finst òg på høgnorsk — sjå «Hn/Minecraft».
Minecraft er eit sandkasse-/overlevingsspel til PC, mobiltelefon, Xbox 360, Xbox One, PS3 og PS4. Spelet let spelaren bygge eller lage konstruksjonar av kubar i ei 3D-verd. Minecraft er utvikla av Mojang AB, men starta som eit fritidsprosjekt av Markus «Notch» Persson. Minecraft er inspirert av Dwarf Fortress, RollerCoaster Tycoon, Dungeon Keeper, og særskild Infiniminer.[1]
Minecraft | |||
Utviklar(ar) | Mojang | ||
---|---|---|---|
Utgjevar(ar) | Mojang | ||
Distributør | Nintendo eShop, PlayStation Store, Microsoft Store, Google Play, App Store | ||
Skapar | Markus Persson | ||
Design(ar) | Markus Persson, Jens Bergensten | ||
Programmerar(ar) | Jens Bergensten | ||
Kunstnar | Kristoffer Zetterstrand | ||
Komponist(ar) | Daniel Rosenfeld, Lena Raine, Gareth Coker, Kumi Tanioka, Aaron Cherof | ||
Serie | Minecraft | ||
Spelmotor | Lightweight Java Game Library | ||
Siste versjon | 1.21 | ||
Plattform(er) | PlayStation 3, PlayStation Vita, Windows, Xbox 360 | ||
Utgjeving | 18. november 2011 | ||
Sjanger | Sandkasse, overleving | ||
Spelemodus | Enkeltspelar, fleirspelar | ||
Aldersgrense | PEGI 7 | ||
Nettstad | https://www.minecraft.net | ||
Del av serien Minecraft⠀ |
Minecraft er eit kreativt sandkassespel, der spelaren startar på ein tilfeldig stad ei tilfeldig generert verd. For å vinne spelet, må spelaren finne og «reparere» ein portal som er i ei festning i «The End». I The End er det ingen annan måte å komme tilbake på enn å utføre målet med spelet, som er å overvinne «The Ender Dragon». Dei fleste som spelar, gjer det for å overleve, bygge og utforske. Om natta dukkar det opp monster som vil prøve å angripe spelaren, og dette er ein motivasjon for å bygge seg ein tilfluktsstad. Monster finn ein òg i djupe gruver og på mørke stader.
Spelar har òg ein fleirspelarfunksjon, der fleire spelarar kan spele samstundes i same verd. Her kan ein spele som ein vil, anten ein samarbeider om å bygge, konkurrerer om ressursane, eller slåst og øydelegge for kvarandre. Kven som helst kan lage ein server med eigne sett av reglar for korleis ein kan spele.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Minecraft» frå Wikipedia på bokmål, den 5. november 2012.
- Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:
- ↑ Markus Persson (5. november 2012). «Credits due». Markus Persson. Arkivert frå originalen 10. september 2010. Henta 5. november 2012.
Bakgrunnsstoff
endre- Offisiell nettstad
- Offisielt forum
- Perssons utviklingsblogg Arkivert 2021-05-22 ved Wayback Machine.
- Minecraftwiki
- Korleis overleve første natt Arkivert 2010-10-18 ved Wayback Machine.