Mineralvannsfabrikkenes Landsforening
Mineralvannsfabrikkenes Landsforening var ei norsk bransjeforeining for produsentar av mineralvatn eller brus. Ho blei stifta i 1913. Tidleg på 1900-talet fanst det over 200 små brusfabrikkar i Noreg.[1] Dette talet gjekk kraftig ned i løpet av hundreåret.[2]
I 1938 gjekk 28 av medlemmene ut og danna ei ny foreining, Mineralvannsindustriens Landslag. I 1988 samla seg 36 brusfabrikkar og bryggeri seg i Norsk Bryggeri og Mineralvannindustris Forening. Namnet blei endra til Bryggeri- og mineralvannforeningen i 2001. Brusprodusentane gjekk ut att i 2005, men etter ei omorganisering i 2006 kom dei inn att og namnet blei til det noverande Bryggeri- og drikkevareforeningen.[2]
Laget tok initiativet til utvikling av essensar for norsk brus. Mellom dei finn ein Asina, som vart lansert i 1948, Happy Cola, som vart lansert i 1950.
Erling Valentin Kielland var formann i foreininga frå 1950.[3]
Kjelder
endre- ↑ «Mannen som bygget opp Roma Mineralvannfabrikk er død», www.rb.no (på norsk), 18. mai 2015, henta 11. september 2019
- ↑ 2,0 2,1 Brygg, brus og bruduljer siden 1901, drikkeglede.no, 12.04.2019, arkivert frå originalen 8. mars 2019, henta 11. september 2019
- ↑ «Erling Valentin Kielland», freepages.genealogy.rootsweb.ancestry.com, henta 11. september 2019[daud lenkje]