Mineralvannsfabrikkenes Landsforening

Mineralvannsfabrikkenes Landsforening var ei norsk bransjeforeining for produsentar av mineralvatn eller brus. Ho blei stifta i 1913. Tidleg på 1900-talet fanst det over 200 små brusfabrikkar i Noreg.[1] Dette talet gjekk kraftig ned i løpet av hundreåret.[2]

I 1938 gjekk 28 av medlemmene ut og danna ei ny foreining, Mineralvannsindustriens Landslag. I 1988 samla seg 36 brusfabrikkar og bryggeri seg i Norsk Bryggeri og Mineralvannindustris Forening. Namnet blei endra til Bryggeri- og mineralvannforeningen i 2001. Brusprodusentane gjekk ut att i 2005, men etter ei omorganisering i 2006 kom dei inn att og namnet blei til det noverande Bryggeri- og drikkevareforeningen.[2]

Laget tok initiativet til utvikling av essensar for norsk brus. Mellom dei finn ein Asina, som vart lansert i 1948, Happy Cola, som vart lansert i 1950.

Erling Valentin Kielland var formann i foreininga frå 1950.[3]

KjelderEndra

  1. «Mannen som bygget opp Roma Mineralvannfabrikk er død», www.rb.no (på norsk), 18. mai 2015, henta 11. september 2019 
  2. 2,0 2,1 Brygg, brus og bruduljer siden 1901, drikkeglede.no, 12.04.2019 
  3. «Erling Valentin Kielland», freepages.genealogy.rootsweb.ancestry.com, henta 11. september 2019